Inviterer til møte om gravferdsverksemd

Alle trus- og livssynssamfunn som har medlemmar i området er invitert av dei kyrkjelege fellesråda i Nord-Gudbrandsdal prosti til eit felles møte om gravferdsverksemd.

DEL

Møte er eit felles informasjons- og drøftingsmøte, den 27. januar på Otta. Bakgrunnen er at den som har forvaltningsansvar for gravlegging i kommunane skal kunne sørge for at trus- og livssynssamfunna sine behov ved gravferd kan ivaretas.

Møtet skal fremje dialog mellom gravferdsforvaltar, kyrkjelege råd, og representantar frå ulike trus- og livssynssamfunn, samt å legge til rette for gjensidig utveksling av kunnskap og kjennskap.

-Der det er god samhandling mellom gravferdsforvaltar og trus- og livssynssamfunn, vil ein lettare finne løysingar sog kunne utvikle gode ordningar, heiter det i invitasjonen sendt ut frå dei kyrkjelege fellesråda i Nord-Gudbrandsdal prosti.


Artikkeltags