Sp vil hyre inn eksterne rådgjevarar for å avlaste administrasjonen i skulesaka

– Med bakgrunn i status som gamle Otta skule har, med muggproblematikken, hastar det med å få bygd ein ny skule. Det er arbeidsmiljøet til elevane våre og dei tilsette, seier ordførar Eldri Siem. Ho fortel at Sp vil fremme forslag om å engasjere eksterne rådgjevarar for å avlaste administrasjonen.