Damstuen fast tilsett

Fast tilsett: Etter snaue to år som konstituert er nå Frode Damstuen tilsett i fast stilling som dagleg leiar for Regionrådet.

Fast tilsett: Etter snaue to år som konstituert er nå Frode Damstuen tilsett i fast stilling som dagleg leiar for Regionrådet.

Etter å ha vore konstituert sidan 1. september 2017, er Frode Damstuen (60) nå tilsett i fast stilling som dagleg leiar for Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.

DEL

Ifølgje regionrådsleiar Iselin Vistekleiven vart stillinga utlyst internt i regionkontoret.

Det var ein søkjar til stillinga.

– Etter vedtak i arbeidsutvalet 8. juli 2019 vart Damstuen tilbode stillinga. Han takka ja og er nå på plass som dagleg leiar, skriv Arbeidsutvalet i ei pressemelding.

Damstuen har sidan 1. desember 2007 vore tilsett i Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal. Fyrst som prosjektleiar, så næringsutviklar og dei to siste åra har han vore konstituert dagleg leiar.


Artikkeltags