Tur til Olufhuset og milorghytta Reiret

Olufhuset: På Øvre Havn. Foto: Tilsendt

Olufhuset: På Øvre Havn. Foto: Tilsendt

Onsdag 14. august har Vågå historielag tur til Olufhuset på Øvre Havn og milorghytta Reiret på Sel.

DEL

Vågå historielag informerer at Stein Havn Karlsen har restaurert Olufhuset for å ta vare på minnet om dei tre motstandsmennene Oluf Havn, Einar Boyesen og Helge Frøisland som vart skote der den 29. mars 1945.

«Reiret» som er freda vart bygd i 1944 og er såleis 75 år i år. Hytta vart prefabrikkert på Enstadverkstaden av Hans Enstad og Johs. Galstad, Torstein Myrum frakta lemmane til Øvre Havn.

Artikkeltags