53 gauper felt under kvotejakta

: Illustrasjonsbilde. 
Foto: Arkiv

: Illustrasjonsbilde. Foto: Arkiv

53 gauper vart felt under kvotejakta på gaupe som gjekk føre seg frå 1. februar til 31. mars. Den fastsette kvoten var i alt på 55 dyr.

DEL

Det melder Miljødirektoratet.

– I år vart det sett kvotar for jakt på gaupe for å regulere bestanden i tre rovviltregionar, medan ein region har hatt fri jakt. I Oppland stansa jakta etter at kvoten var fylt. I Midt-Noreg og Sør-Noreg vart den stansa då ein hadde nådd det fastsette maksimale talet for felling av vaksne hodyr, seier avdelingsdirektør Ivar Myklebust i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Hodyrkvote på 18 dyr

Ifølgje Miljødirektoratet blir maksimale tal for felte hodyr sett for å sikre nok reproduserande dyr til å nå måla for gaupebestanden.

I år var hodyr-kvoten på 18 dyr, og oppsummeringa etter jakta viser at alle vart felt, eit av dei i eit område med kvotefri jakt i Sør-Noreg.

I alt vart 48 gauper felt i område der det var sett jaktkvote, medan fem dyr vart felt i område med kvotefri jakt i rovviltregion 2 (Sør-Noreg).

Nasjonalt mål

Stortinget har fastsett eit nasjonalt mål om 65 familiegrupper av gaupe i Noreg. Overvakinga av gaupebestanden viste 57,5 familiegrupper av gaupe i 2018.

Artikkeltags