FolkRekrutt i ny drakt:- Dette blir ein slags folkemusikk-festival

FolkRekrutt siktar høgare denne sesongen.

FolkRekrutt siktar høgare denne sesongen. Foto:

I fem sesongar har FolkRekrutt arrangert kurshelger for ungdom mellom 6 og 18 år. Nå satsar dei enda høgare for å få til ei storslagen sesongavslutning på Rudi gard.

DEL

FolkRekrutt byrjar å bli eit etablert namn innan folkemusikkmiljøet. I fem sesongar har FolkRekrutt arrangert tre kurshelger i året for ungdom mellom 6 til 18 år. Dei har kurs på fele, toradar, trekkspel, song, masterclass og halling.

Denne sesongen gjer styret ein ny vri på prosjektet.

I år skal dei tre samlingane munne ut i ei stor avslutningsframsyning på Rudi Gard i april 2020. Temaet er Gjendine Slålien, og prosjektet har det rungande namnet «Klangen av Gjendine – Gjendine Slålien sin musikk gjennom 130 år».

Vegar Vårdal i Kultivator AS er kunstnarisk leiar for framsyninga. Mari Midtli er framleis prosjektleiar og skal sørgje for og få prosjektet trygt i hamn.

I løpet av dei fem sesongane har FolkRekrutt hatt ei gradvis utvikling, både i omfang og i antal deltakarar.

– Dette hadde ikkje vore mogleg å få til utan gode stønadsordningar og velvilje frå både lokale sponsorar og lokale spel- og dansarlag», seier Mari Midtli i ei pressemelding.

For det er ikkje små summar det er snakk om i eit slik prosjekt. I fjor hadde FolkRekrutt utgifter på godt over 300.000 kroner. I år satsar dei enda høgare for å få til ei storslegen sesongavslutning på Rudi Gard.

– Dette blir ein slags folkemusikk-musikal», seier Midtli.

– Vel, ein rein musikal blir det nok ikkje, men ei samansett førestilling med både song, dans og spel», legg ho til når ho får tenkt seg om. Dei same lærarane skal følgje kvar gruppe alle tre samlingane, og dei er viktige brikker for å få i hamn ei slik førestilling. I år er samlingane i Lom, på Otta og på Rudi Gard. Det er krav om at ein må ha spelt instrument i eitt år for å delta. På song og halling er det ikkje krav til noko forkunnskap. Masterclass er for vidarekomne, og er ei gruppe på tvers av instrument.

Målet er å skape ein sosial arena for ungdom med same interesse, gje dei sceneerfaring og iver til å halde fram med det dei gjer.

– Vi ser at mange av ungane er allsidige og vil delta på fleire kurs. Dette vitnar om at den totale interessa for musikken og dansen er stor», seier Midtli.

– Vi ønskjer gamle og nye deltakarar velkomen til årets sesong. Eg håpar prosjektet vårt skal vere den store snakkisen når vi kjem til april. Da vil eg sjå heile dalen gå mann av huse for å få med seg Klangen av Gjendine».

Artikkeltags