Svar til: Kampen om det frie ord

Av
DEL

LesarbrevKampen om det frie ord -2

Eg er heilt einig med Terje Kleiven i hans betraktningar omkring det frie ord. Eg forstår også at han er fortusta, sidan heile saka er teke ut av ein samanheng. I starten av februar gjekk opposisjonsleiaren i Vågå ut i Nationen og GD og gav uttrykk for at i enkelte tilfelle hadde opposisjonsleiaren vore redd for tryggleiken til familien på grunn av sitt engasjement i politikken. Dette var noko eg som ordførar måtta ta tak i, for slik kan vi ikkje ha det. Eg tok difor opp saka i formannskapet den 19. februar, der innhaldet gjekk på trakassering og truslar mot folkevalde.

Eit samrøystes formannskap gjorde slikt vedtak: «Formannskapet ber rådmannen utarbeide eit forslag til ei rutine for varsling for folkevalde i samband med gjennomgang av etiske retningsliner og kommunikasjonsplan for tilsette i Vågå kommune.» Saka vart etterlyst i siste formannskapsmøte, for å forsikre oss om at saka blir sett på sakskartet til kommunestyremøte før ferien. Samstundes vart det diskutert om dette også burde gjelde korleis politikarane opptrer seg i mellom og overfor dei tilsette i administrasjonen. Dette er noko som mange andre kommunar også har gjort denne val våren. Diskusjonen og saka har nok av enkelte vorte misforstått. Til slutt vil eg berre oppmode om å ta kontakt om noko er uklårt - døra står ope.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags