Ber kommunen sikre i Ridderspranget

Ridderspranget, Sjodalen.

Ridderspranget, Sjodalen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein turist ber Vågå kommune dra ut boltane rundt Ridderspranget før det skjer ei ulykke.

DEL

Under ein tur i Jotunheimen var Steinar Bjørnstad innom Ridderspranget. Der registrerte han to boltar som han meiner står strategisk til for å forårsake ei ulykke.

Bjørnstad ber Vågå kommune få kutta boltane snarast mogleg.

– Dersom ein person snublar i desse og dett er det ikkje langt frå ei fatal ulykke. Bjørnstad ber om at Vågå kommune tek kontakt med sin juridiske instans og får klårleik i kven som skal fjerne boltane.

Artikkeltags