I morgon er siste frist før bankane sperrar kontoane

I morgon, laurdag, er siste frist for å vise fram gyldig legitimasjon før banktenester og kontoar blir sperra. Sparebank 1 Gudbrandsdal og Sparebank 1 Lom og Skjåk har 600 kundar kvar seg som framleis ikkje er legitimert og vil få sperra kontoen sin over helga.