Med ekstremt regn, ekstrem varme, brannar og flom kjem klimakrisa tettare på oss alle, til og med her i Noreg. Sjå berre til Innlandet fylke: ras der det aldri har gått ras før og stengte veger. I resten av verda les vi om store øydeleggingar som fylgje av dette og folk i krise.

Tilsynelatande kjem dette overraskande på oss, men dette har vi vorte varsla om. På klimatoppmøtet i Paris i desember 2015 fekk verda klar beskjed om at utsleppa må kuttast for å kjempe mot farlege klimaendringar. Det er klimakrise.

Klimakrisa er urettferdig. Det er dei rikaste, både i Noreg og i verda elles, som forureinar mest, medan dei fattige landa blir hardast råka av klimaendringane sjølv om dei har gjort minst for å forårsaka dei. Noreg er versting og har nesten dobbelt så høge klimagassutslepp som nabolandet Sverige.

Og sjølv om norske utslepp nå går noko ned, så går det ikkje fort nok. Vi er langt unna reduksjonen av utslepp landa forplikta seg til gjennom Parisavtala, både i Noreg og i resten av verda.

SV ynskjer å forplikte Noreg til å kutte utsleppa fram mot 2030 med 70%. Klimaforskarar er einige om at det blir fleire ekstremværhendingar som fylgje av global oppvarming og konsekvensane blir alvorlegare.

SV er klare på at for å kunne kutte klimagassutsleppa må vi ha ein politikk for å redusere energiforbruket og erstatte fossil med fornybar energi i alle delar av samfunnet. SV arbeider for at Noreg skal ta sin del av forpliktingane i Parisavtala. Vi treng ei ny politisk retning nå, med eit sterkt SV.