Gå til sidens hovedinnhold

Neppe bekken som krev

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

På eit foto av H.H.Lie i oktober 1901 kan vi sjå eit kjent mønster med størst vassføring i Otta, kontra Lågen. Vatnet i Otta går over halve breidda på Lågen. Fyru på vestsida av Lågen er synleg frå Loftsgaards-brua og halvvegs sørover til spissen av elvemøtet. Sør for det flate partiet av jordet på Blekastad – der bensinstasjonen ligg i dag- er det og ei stein-fyru. Altså eit ganske kjent bilde, som i 2021. Otta synest ha noko større armslag, har eit breiare løp som ho fyller mellom vestre/øvre Ottbragdsøya/øyene og dessutan eit halvparten så stort løp mellom vestre og austre øya. I det heile eit bilde ikkje ulikt dagens – likevel: i dag er Lågen pressa dobbelt, prøver seg med eit løp og eit forsøk på djupåre, som går bokstaveleg rett vest og motstraums Ottaelva, ein kamp som blir vanskeleg å vinne.

Nordafor elvemøtet finnst det fleire bilder som minner om at Lågen nord for Otta også har sine utfordringar. Eit bilete av fotograf Wilse i aprl 1925viser korleis Øya-området var: Litt sør for Øien gard/nordre Kleivrud sende Lågen ein del av seg i sør-vestleg retning, det vart til god og lettvinn landbruksjord. På turen fekk denne «Vesleelva»(?) med seg Kleivrudbekken – kanskje ein makker som varierte i volum i større grad enn Lågen sjølv, likevel bekk, ikkje elv ! Retninga var ganske grei, i retning stasjonsområdet.

Koalisasjonen ei sidegrein til Lågen og ein bekk ga likevel grunnlag for at Ottaborgarane gjennom mange år hadde ei nær og ganske lun badestrand -burti Øyom- og fekk til og med ei bru og markerte dermed tydeleg; Øya !

Skal tru om det så skjedde noko som aldri skulle skjedd ? Det gjekk noko tid - riktig nok - men ein badeplass og ei bru, badevatn sumarstid. Så la vi alt i røyr, vesleelv og bekk. Eg har ikkje vore inne i røyret, men til overmål var og er det vissnok ei luke når vatnet når Lågen, luke for at vatnet frå elva ikkje skal trenge inn å lage «trafikk-kork», ikkje veit eg. - For å prøve å vera litt morosam i alvoret; men dette er før rundkøyringane i vegkryss vart populære – ei halv rundkøyring hadde gjort seg, viss søre delen som leverte bekk- og sideelvsvatn hadde fått dra-hjelp frå elvevatnet i storebror Lågen. Å vera liten når du skal inn i eit større vassdrag så er ikkje vinkelen på 90 det beste utgangspunktet.

Elles så skjønar eg at samfunnet og Ottaborgarane og alle sidegreiner utanom «byen», på spissen mot elvemøtet har sine utfordringar i høve både vatn og avløp av alle slag, snø og regn, men når vatnet er reint nok til å gå i røyr, og fram til Mjøsa – da må det vera løysingar som ikkje berre baserer seg på å bli pumpa ut eller inn i vassdraget.

Dessutan: Området Øya har mangfoldig mengde arbeidsplassar, har også skule/skular, idrettsplass og kulturhus. Den stakkars Kleivrudbekken kunne gått inn som ein eige forfriskane park. Eg vil tru det er gjort målingar på kva mengder med vatn denne bekken bidreg med. Trur heller ikkje det krevst mykje rensing før vatnet går vidare ned- og sørover dalen. Det er neppe bekken som krev pumpe-hjelp.