– Eg har alltid vore opptatt av hud og hudhelse. Eg har hatt problem med huda sjølv og vore hjå hudlege, og veit kva det vil seie og korleis ein blir påverka av det. Det ligg mykje psykisk i det. Samstundes har eg alltid vore glad i sminke, seier Natalie Lillebråten.

26-åringen frå Vågå følger draumen om å bli dermatologisk sjukepleiar.

– Eg kallar det hudsjukepleiar, for da forstår folk kva det er, seier ho.

Full klaff

Lillebråten har starta studiar på Senzie Akademiet i Oslo, der ho tek vidareutdanning innan kosmetisk dermatologisk sjukepleie. Ho er frå før utdanna sjukepleiar.

– Ei venninne og eg fann ut at vi skulle søke og sjå om vi kom inn, også gjorde vi det begge to. Det vart vi veldig glade for, seier ho.

Studiet er for det meste nettbasert, med ei samling i Oslo i månaden. Lillebråten og venninna starta vidareutdanninga i november 2021, og skal vere ferdige i oktober i år.

– På fyrste samlinga var det rett på kundar den andre dagen. Det var litt skummelt, men det var full klaff. Eg tenkte at det er dette eg vil drive med. Det er spennande å ta eit dypdykk i eit felt ein kjenner at ein brenner for, seier Lillebråten.

Starta for seg sjølv

Som ein del av vidareutdanninga, er det krav om at studentane skal utføre behandlingar mellom samlinga slik at dei får praksis. Lillebråten fann ut at ho skulle etablere eit enkeltpersonføretak.

Namnet gir ho ei venninne æra for.

– Det var ei venninne av meg som kom på namnet «Mjuk», og eg tykte det passa bra. Det vart «Mjuk hud- og velværeklinikk». Det skal vere mjuk og god stemning her.

Nå har ho etablert seg i andreetasjen hjå Karita dame- og herrefrisør i Vågå, som mor hennar driv. Der tek ho i mot kundar for hudbehandling, som til dømes hudanalyse.

– Eg er heldig som kan drive her, seier Lillebråten.

Den siste tida har ho brukt på å innreie behandlingsrommet slik ho vil ha det.

– Til innreiinga har eg fått god hjelp av bestemor. Det skal ikkje vere «klinikkpreg» – kundane skal få ro i sjela når dei er her. Eigenpleie er ein stor del av dette.

– Går fint å kombinere

Etter at Lillebråten flytte heim att til Vågå i 2018 har ho har jobba i eit bufellesskap i Heidal og på Vågåheimen. På Vågåheimen er ho framleis, kor ho nå jobbar som nattevakt.

Det har ho tenkt å fortsette med. Men, nå kombinerer ho jobben på Vågåheimen med nye studiar, og ei nystarta bedrift.

– Det er mykje jobb, men det går veldig fint å kombinere det. Og skulen er flinke til å følge oss opp, seier ho sjølv.

Framover skal Lillebråten, som nemnt, fortsette å kombinere studiar, jobb og eiga bedrift. Og etter kvart kan det bli aktuelt å utvikle bedrifta.

– Ein må sjå an behovet, men det kunne til dømes vore aktuelt med fleire samarbeidspartnarar.