Næringsarbeid, reiseliv og bulyst i Vågå 

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.For alle distriktskommunar som må gjere ein ekstra innsats for å sikre busetting er dette sentrale tema. Men sjølv om alle er samde i at det er viktig, er dei ressursane vi rår over til dette arbeidet begrensa. Difor er det nødvendig med ein grundig debatt om kva strategiar og verkemiddel vi skal prioritere innafor dei rammene vi har.

Debatten i forrige kommunestyre i Vågå viste at det er ulike syn på dette. Når vi no skal i gang med ein ny handlingsplan for næring og reiseliv ønskjer vi i Senterpartiet ein brei debatt og mange innspel. Spørsmålet er ikkje om vi skal prioritere næringsarbeid, reiseliv og bulyst framover, men korleis. Her kjem vi med nokre tankar i starten av arbeidet:

Vi vil bygge på eksisterande næringsliv. Det lokale næringslivet har synt at dei har vilje til nye etableringar, utvikling og vekst. Å bygge stein på stein med lokalt eigarskap tar kanskje lengre tid, men er også ein sikrare strategi. Det er sjølvsagt positivt med alle som vil etablere verksemd i Vågå, men vi må og ta vare på det vi har. Vi ønskjer difor å styrke arbeidet for det lokale næringslivet og spele på lag med dei. Vi meinar at eit lokal med aktivitet er betre enn eit ledig lokal.

Vi må legge til rette for meir eksport av varer og tenester. Vekstmoglegheitene er små for produkt og tenester som berre har ein lokal marknad. Vi må difor sikre hjelp og rettleiing til bedrifter som vil jobbe og produsere i Vågå, men som også har kundar utanfor kommunen. Det gjeld alt frå store entreprenørar til dei små produsentane. Lugumstugu er eit godt døme på korleis dei sel bileta til Mette Ragnhild Damstuen over heile landet. Lokal verdiskaping for ein større marknad vil gje vekst over tid.

Vekst i reiselivet må også gje auka lokal verdiskaping. Sjølv om det i år har vore eit unntaks-år for reiselivet, har vi tru på at dette vil vere ein viktig vekstnæring i kommunen. Vi har også som mål at reiselivet skal bli meir berekraftig. Ein av nøklane for å lukkast med det og i tillegg få vekst, er ikkje å telle kor mange turistar som kjem, men overnattingsdøgn. Framtidig vekst må ha fokus på at dei som kjem blir lenger, og nytter seg av fleire tilbod når dei er her.

Vi må jobbe for at reiselivet gjev fleire heilårs arbeidsplassar. For å sikre arbeid heile året må vi jobbe for lengre sesongar og meir aktivitet utanom sesong. Korte engasjement i ferier og høgsesong gjev ikkje grunnlag for auka busetting. Ein annan ting er at det heller ikkje gjev grunnlag for utvikling, kontinuitet og moglegheit for bedriftene til å auke kunnskap og kompetanse på same måte som fast tilsette gjer.

Det skal vere godt å bu og jobbe i Vågå. Bulyst er eit anna sentralt tema som ikkje direkte er del av handlingsplanen, men likevel ligg til grunn for det heile. Det må vere godt å bu i Vågå, både i arbeidstida og fritida. Kommunen må heile tida jobbe for at det fins plassar å bu, full barnehagedekning, gode skular og rikt foreiningsliv og aktivitetstilbod. Eit variert og godt arbeidsliv med ulike moglegheiter, tilbod om kompetanseheving, etterutdanning og å utvikle både seg sjølv som arbeidstakar og bedriftene skaper vekst. Og engasjement, vilje til å prøve nytt og satse på utvikling smittar både mellom bedrifter og mellom jobb og fritid.

Dette er nokre av dei tankane vi tek med oss inn i arbeidet for ny handlingsplan for næring og reiseliv. 12. oktober arrangerer SV ope møte om temaet på kommunestyresalen. 20. oktober blir det orientering i formannskap og 22. oktober inviterer Senterpartiet til eit ope møte på Klones. Ferdig plan skal handsamast i formannskap 10. november. Vi håper på stort engasjement i debatten.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags