– Vi startar arbeidet så fort det går. Målet er at noko skal stå ferdig til skulestart i haust, seier Jørn Holen, leiar i FAU (Foreldrerådets arbeidsutval) ved Heidal skule.

Først er planen å lage eit leikeområde for dei minste, og meir for alle etter kvart.

Klatrestativ på ønskjelista

Linnea Fagerli (10), Agnethe Jevnheim Garmo (10) og Maja Baggethun (11) er samstemte i kva dei ønskjer seg.

– Eit klatrestativ, seier dei i kor.

Dei fortel at det har vore klatrestativ på skulen tidlegare, men at det vart rive i fjor. I skulegarden har dei ballbinge, skaterampe, huskestativ og mål.

– Det hadde vore fint med noko meir vi kan leike med. Vi håpar det blir noko meir her framover, seier dei.

– Ei hinderløype hadde også vore fint, tykkjer Agnethe.

Tok kontakt med FAU

Rektor ved Heidal skule, Sjur Lindby, seier at uteområdet ved skulen ikkje har vore oppgradert på lenge.

– Vi måtte ta ned eit klatrestativ i fjor haust, fordi det var farleg. Vi ser behov for eit nytt leikeområde. Behovet for oppgradering er stort, seier Lindby.

Han fortel at skulen søkte Sel kommune om stønad til oppgradering av uteområde i 2022.

– Kommunestyret løyvd 300.000 kroner. Det er vi veldig glade for.

Lindby fortel vidare at han tok kontakt med FAU ved skule.

– Det er ein engasjert gjeng, som er ivrige på å bidra. Med dugnadsinnsats klarer vi å få mykje meir ut av pengane. Arbeidet er allereie i gang. Det er felt tre og jevna til på eit område i skulegarden. Det er gjort på dugnad av foreldre. Det er kjempefint at foreldre vil bidra.

Dugnad

Holen fortel at dei driv og ser på klatreapparat som kan setjast opp på området der det er felt tre og jevna.

Marit Ekre er kasserar i FAU.

– Dette har vore eit ønskje i fleire år. Vi er kjempeglade for økonomisk støtte frå kommunen. Engasjementet for dette er stort. Generelt er det stor dugnadsvilje i Heidal. Vi er vane med å ta eit tak sjølve, seier Ekre.

FAU har søkt ein lokal bank om støtte til prosjektet, der dei ventar på svar på søknaden. Holen har også oppretta ein spleis.

– Alle pengane vi får inn blir brukt på leikeapparat. Montering og bygging gjer vi på dugnad, seier Holen.