Da Vågå kommune tok over Gjendegarden frå Statens Skoger i 1974 vart det bestemt at kommunalt tilsette skulle få disponere hyttene.

Oppgjennom tidene har spørsmålet om kven som skal få disponere hyttene vore oppe til diskusjon fleire gonger. Denne gongen kom diskusjonen opp etter ein søknad frå ei bedrift som ønskjer å leige hyttene på andre sida av Gjendeosen for Gjendesheim.

Rådmannen fortel at Gjendegarden dei siste åra har vore mykje brukt av tilsette og at dei har sett ei auke det siste året. Det er framleis tider på året der hyttene ikkje er nytta.

Ved særlege høve

Rådmannen la fram saka utan innstilling, og Egil Barhaugen (Ap) meinte at ei mogleg løysing kunne vere at dagens praksis held fram, men at ein ved særlege høve kan leige ut til andre.

Hans Petter Vaberg (BL) kom med framlegg om å opne Gjendegarden for alle innbyggjarane i Vågå, men at tilsette har fyrsteretten. Han likte ikkje tilføyinga ved særlege høve, og meinte dette ville by på problem.

Barhaugen såg poenget til Bygdalista, men meinte det måtte vera ein føresetnad at «spesielle høve» måtte kome til uttrykk i nye statuttar.

Anders Gustav Bjørnsen (Sp) frykta for at det ville by på praktiske problem og stilte seg kritisk til at kommunen ville bli ein kommersiell aktør på utleigemarknaden.

Mette Vårdal (Sp) håpa dei kunne lande diskusjonen slik at søkjar fekk eit svar på søknaden sin før ferien.

Anne Grete Furuheim (Ap) meinte at ordninga burde halde fram som tidlegare og bad om eit gruppemøte.

– Dette er eit tilbod og gode til dei tilsette i kommune.

Etter litt diskusjon på kammerset kom Arbeiderpartiet fram til at dei ville leggje fram forslag om å vidareføre ordninga.

– Vi ønskjer å oppretthalde dagens ordning. Vi trur at ein ved å endre på den vil få konfliktsituasjonar, sa Barhaugen.

Dermed sette fungerande ordførar Svein Blankenborg (Bl) dei to forslaga opp mot kvarandre. Bygdalista sitt forslag fekk ni stemmer og Arbeiderpartiet sitt sju.