– Det er mange nyetablerte barnefamiliar i Sjårdalen. Det manglar eit samlingspunkt. Vi tykte det var luggomt å lage noko for dei yngste, seier Heidi Beito, leiar i Sjårdalen grendelag.

Knyte området saman

Leikeplassen ligg ved Sjårdalen samfunnshus. Beito og Elin Marie Sveen, nestleiar i grendelaget, fortel at før gjekk ungane til den nedlagde skulen like bortanfor for å leike.

– Nå er det meste på skulen teke ned. Det står att eit par husker. Da tenkte vi at vi ville få til noko her, seier Elin Marie Sveen.

I området ligg det ei fotballbane og volleyballbane. Beito og Sveen forklarer at planen er å ordne med sitjeplassar i området.

– Vi vil knyte området saman. Vi har planar om ein grillplass, og vil få til ei heilskap for området her, seier dei.

Montering

På sjølve leikeplassen blir det dumpedyr, svinghuske, sklie og ein klatrevegg.

– Alt av leikeapparat har vi fått spesifikk stønad til. Det er ei kostbar investering, over 100.000 kroner, seier Beito og Sveen.

Dei største bidraga kjem frå Sparebank 1 Lom og Skjåk, Sparebankstiftelsen DNB og Frifond LNU. I tillegg er det flire andre lokale bidragsytarar.

I helga var det dugnad for å montere leikeapparat og gjere plassen i stand. Grunnarbeid har vore gjort tidlegare.

– Det meste vil kome på plass i løpet av dugnaden nå i helga.

Sveen og Beito meiner det betyr mykje for grenda å få ein leikeplass.

– Det blir ein samlingsplass som alle kan bruke.

Opning i mai

14. mai skal det vere offisiell opning av leikeplassen.

– Da skal vi ta i bruk leikeplassen. Vi håpar folk frå andre stader enn Sjårdalen og vil ta turen.

Det blir bevertning inne på samfunnshuset, og loddsal.