Saken ble først publisert 17.05.2021.

Stivaturkle var eit stiva, kvitt eller ljost turkle i bomull eller lin.

Potetmjøl vart brukt som stivelse

Gunvor Brenden og Rannveig Eide Melhus viser fram eit foto av bestemora si, Rønnaug Skjellum Brekken (1875 – 1957) der ho er fotografert med bunad og stivaturkle og med salmeboka i handa.

- Ikkje alle visste korleis dei skulle stive og ikkje minst knyte eit stivaturkle, fortel dei. Det skulle også brettast på ein spesiell måte. Bestemor vart derfor ofte spurt om hjelp. Potetmjøl vart brukt som stivelse. Etter vask og stiving brukte ho toalettsåpe på turkleet før ho strauk det.

Frakta rundt ferdige knytta stivaturkle

Gunvor hugsar at strykejernet vart varma på vedkomfyren, og at bestemora la eit klede mellom turkleet og strykejernet for at stivaturkleet ikkje skulle bli stygt. Så skulle turkleet brettast på ein spesiell måte før det vart knytt. Knuten skulle også vera etter eit spesielt mønster.

- Mødrene våre, Barbro Eide og Ragnhild Randen, fortalde at dei stod opp tidleg om morgonen den 17.mai og hadde jobben med å frakte rundt ferdige knytta stivaturkle til folk som hadde tinga på denne spesielle hjelpa. Prisen var 10 øre for jobben, men ikkje alle hadde nok pengar og dei måtte derfor betale seinare. Tanta vår, Inga Bråten, var også med på dette arbeidet, fortel Ranveig og Gunvor og viser oss eit stivaturkle som dei har med seg.

Dette har påsydd blonder på kanten og har eit lite mønster i stoffet. Når dei tok av seg stivaturkleet knytte dei ikkje opp knuten og hengde det opp på ein knagg eller la det i ein ask klar til bruk neste gong.