Gå til sidens hovedinnhold

Mine eigen "debatt", men likevel:

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det hadde vore interessant å ha fått ei oversikt over "Otta-flaumane" flaumane i Otta-byen, dvs for sentrum som spesielt i nokon år etter tusenårsskiftet har vore ekstra plaga med flaum. Som regel viser media fram plassen og området nord for kjøpesenteret som eit verstingsområde. I mine fyrste 20-25 i området hugsar eg knapt flaum i by'n, derimot synnafor Otta. Men mykje er både grave og bygd, "på Ottun" sia.

Det hadde vore interessant om NVE eller Sel kommune har oversikt attende i tid som kan illustrere eventuell utvikling - i alle fall årstal med tidspunkt for "by-Otta-flaum" dei næraste åra FØR Kleivrudbekken og "vesleelva til Lågen" vart lagt i røyr, og tilsvarande for dei etterfølgjande åra fram til dags dato.

Når det gjeld årsak/bakgrunn for flaumane så er det vel gjerne også grunngjevingar knytta til flaumane, var det langvarig regn, styrtregn, snøsmelding, sein vår, tidleg vår osv . Informasjon - som kan forklare eventuelle årsakar til flaumane. - Det burde vera mogleg at også den type fakta og informasjon kan vera med i det minste til å forklare det som ein elles lett gløymer : å gjera seg nytte av det som virkar ute i naturen, dei grep som vi stadig gjer av stort og smått. Ein liten kamp er det vel alltid mellom oss to-beinte med all vår kunnskap og iver, og naturkreftene - som oss, dels styrbare, men ikkje i eitt og alt.

Fortel oss ikkje berre om avanserterøyrnett og kanaliserte vassrenner, pumper som pumpar rennande vatn. Sanneleg, der er og vatnet til nytte, både som transportør og produsent av straum til pumpene slik at det pumpa vatnet fer fortare - slik vatnet i og for seg gjorde det i vasstrøene, rann fortare og meir kontrollert enn i bekken som følgde eit uregjerleg bekkefar. - Viss tal flaumar har auka, kva er av praktiske tiltak som er gjort som har forverra situasjonen. Rett nok er vel åmotet, og by-senteret og nærområda med bygd opp av naturen, flaumar inkludert, men likevel ! ?