Kommuneval og Vågå

Av
DEL

LesarbrevEg les med interesse alle innlegg om korleis det er å vere politikar I Vågå. Eg trur at det er like mange meinigar om det som det er politikarar, her som ellers. Sjølv kom eg som rykande fersk listekandidat inn i kommunestyre, formannskap og utval for fire år sidan. Med null politisk bagasje men med andre erfaringar. Som innflyttar hadde eg ikkje historia om korleis ting alltid har vore men det var kanskje likså greitt.

Har sagt ja til ny periode så det kan no ikkje vere so gale. Det er rett interessant og ein blir tatt godt vare på. Har lært at det er lov å prøve og feile, at alle saker har minst to sider, at det er lov å spørre til råds og at det er lov - og til og med lurt - å høyre på kva argument andre parti har. Eg ser det som viktig og rett å stemme utifrå eigen overbevisning. Då kan eg svare for meg viss eg blir konfrontert på butikken. Er glad for at det er stor takhøgde for det i Vågå SP.

På VG sin valgomat var vi nødt til å plukke ut 4 kjernesaker og eg landa på :

Landbruk og arealplanlegging : Dette er vår største næring med store ringverknader. Eg meinar det er rom for og viktig med både større og mindre bruk og at vanskelege saker rundt konsesjon skal kunne handterast til det beste. Samfunnet er i forandring og alt kan ikkje vere som før. Alle vil at det skal vere «lys i glasa» og det kan vere fleire måtar å få til det på. Er opptatt av å behalde ordninga med landbruksvikar,avløysarkontor og dyrlegeteneste for å sikre bonde- og dyrevelferden. Vi må vere på offensiven med næringsareal, det kan like godt vere i grendene som nær sentrum. Men matjorda skal mest mogleg vernast.

Grunnskule : Målet må vere at lærarar skal få bruke meir tid med elevane og mindre tid på byråkrati. Vi må vere tydeleg skuleeigar som tar bevisste val som blir gjennomført godt, meir enn at mykje blir gjennomført halvgodt. Ei auke i psykiske lidingar og stress blant barn og unge gjer at vi må få til ein god dialog mellom elevane og mellom elevane og dei vaksne. Trygghet og trivsel er stikkord.

Helse og Omsorg : Eit større arbeid for nybygg og omorganisering av helse – og omsorgstenesta er i gong og eg håpar vi kan få landa og sett igong prosjektet. Vil legge vekt på nøkternhet i investeringane og prioritere det helsefaglege tilbodet samt bebuarane og dei tilsette sitt beste.

Økonomi og styring : Håpar mange har dette som kjerneområde. Rådmannsleiinga og dei på økonomiavdelinga i kommunen gjer ein framifrå jobb i arbeidet med økonomi og budsjett. Vår oppgåve er å prioritere utifrå stadig trongare rammer. SP blir kanskje kalla tør-ikkje-satse-partiet, men eg meinar dette er feil. Ein kan satse, men må vere trygg på at ein ikkje spelar vekk pengane.

Fleire seier dei ikkje vil stemme fordi det ikkje er vits i. Fordi det blir gjort avtaler på kryss og tvers i etterkant slik at velgarane blir forvirra og ikkje kjenner att resultatet. Det skjer både lokalt og nasjonalt. Mitt ønske er at folk brukar stemmeretten sin og at posisjonen etterpå gjenspeglar det velgarane vil. Samtidig er eg open for ulike samarbeid på saksnivå viss det kan gagne ei sak.

Eitt anna ønske er at folk har tillit til oss som blir valgt inn, at vi gjennomfører det vi bestemmer og at vi lyttar. Vi er berre fritidspolitikarar og er heilt avhengig av å høyre på kunnskapen som innbyggerane sitt med i ulike saker.

Vågå SP sitt program kjem snart i postkassen din. Eit program som er nøkternt mtp økonomi men som likevel vil ta Vågå vidare. Det kan ein gjere utan å auke pengebruken, men ved å gjere ting på andre måtar som kanskje er betre.

Godt val.




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags