Dette er eit forsøk på oppsummering frå Vågå Sp, i ei sak der diskusjonen har gått høgt og der endeleg vedtak enda ikkje er fatta.

Nokon har lurt på kva Sp eigentleg meiner i denne saka. Vi er klare på at vårt primærstandpunkt, både i 2009 og nå, er at dette framleis burda være dyrka mark. Det burde ikkje forundre nokon.

Men det er ikkje politisk fleirtal for det. Vi kunne halde fram og stått på vårt prinsipp, men det hadde vore lite fruktbart. Difor har vi ønskt å ta del i drøftingane og fremma ulike forslag til korleis arealet skal regulerast når det skal nyttast til andre formål.

Det kan gjerast på så mange måtar, ein kan regulere alt til næring, kombinere med bustad, rekreasjon, grøntareal, infrastruktur og turisme. Ein kan ha høg arealutnytting eller sikre luft og grøne lunger mellom bygga. Ein kan opne for store einingar, eller fleire små.

Vi i Vågå Sp har inga absolutte krav på areal eller innhald i reguleringa, men det er heilt avgjerande for oss at heilskapen ikkje opnar for sentrumskonkurrerande aktivitet. Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje er rom for konkurranse i sentrum. Det er ikkje dei einskilde butikkane og serveringstilbodet som skal skjermast for konkurranse, men vi ønskjer ikkje at folks handelsvaner og verksemder blir fløtt og det levande og kulturhistorisk særprega sentrum blir mindre besøkt.

Storhandel, til dømes ein møbelbutikk eller byggvare, kan godt ligge utanfor sentrum og kan bygge stort utan at det svekker sentrumsaktiviteten. Tvert om. Men detaljhandel, nisjebutikkar, ferskvare og servering bør være i eksisterande sentrumskjerne. Og her er det stort rom for fortetting, nye og konkurrerande verksemder.

Arealplanen kan gå langt i å bestemme rammer for både utsjånad, arealutnytting og kva som kan etablerast på Brustugujordet. Det er langt meir krevjande å få dette til i detaljreguleringa i samarbeid med utbyggjar seinare. Kommunens styringsmoglegheit er størst no, og den meiner vi det er rett å bruke.

Med dette utgangspunktet finns det framleis eit utal moglege reguleringar som kan styrke eksisterande og nye næringar. Vi ønskjer å møte dei andre partia, næringsdrivande, ungdomsråd og bygdefolk i ein kreativ prosess fram mot endeleg vedtak.

Og det som kjem ut av ein slik prosess skal ikkje berre få fleirtal i kommunestyret. Det viktige nå med det store engasjementet som er i saka, er å få til ein plan som folk i Vågå kan ha tru på som ein god veg vidare for bygda vår.