Arbeidsplassar ved Nortura Otta

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto:

Av
DEL

LesarbrevSom gardbrukarar og samfunnsengasjerte innbyggjarar ser vi det som avgjerande viktig og behalde slakteriet på Otta. Stutt transport av dyr frå produsent til slakteri er god dyrevelferd. Over 70 arbeidsplassar skapt av primærnæringa er knytt direkte til anlegget, i tillegg kjem arbeidsplassar knytt til transport, logistikk og Mattilsynet. Blir desse arbeidsplassane borte får det store ringvirkningar for heile regionen. Det går ut over mellom anna handel, busetting, skuleelevar og skatteinngang.

Rasjonaliseringa innanfor landbruket går sin gang. Antal dyr, produserte liter mjølk og kilo kjøtt er nokonlunde stabilt, medan antal bruk i drift og antal arbeidsplassar minkar i stort monn. Av den grunn er det òg viktig å halde på den verdiskapinga Nortura Otta gjev her i regionen. Vi er geografisk godt plassert og husdyrproduksjonen er ein berebjelke. Dyktige og kompetente tilsette, stabil arbeidskraft og rimeleg arbeidsgjevaravgift må vere eit stort pluss for Norturakonsernet. Otta har resultat på 40 millionar kvart år. Nortura bør difor satse meir på Otta, ikkje mindre! Vi gardbrukarar er «lova» meir betaling for kjøtet vårt om anlegget på Rudshøgda blir utnytta meir effektivt. Vår påstand er at Otta driftar så godt at Nortura kjem til å slite med å få til ynskte rasjonaliseringseffektar. Og kva betyr nokre øre meir pr. kilo levert kjøt om naboen misser arbeid og levebrød, at dyra våre må fraktast lengre og verdiskapinga i regionen vår blir sentralisert.

Kan Vågå Sp støtte Vågå Ap i dette viktige arbeidet, med å påvirke til at arbeidsplassane blir i regionen? Vi har frå fleire hald høyrt at dette er ei utfordrande sak og stå på barrikadane for, for fleire av listekandidatane i Sp. I hovuda våre er dette ei enkel sak. Vi og Vågå Ap støttar aktivt opp om Nortura Otta!

Les også svaret frå Vågå Ap

Nortura på Otta er viktig for heile Gudbrandsdalen



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags