Terje Kleiven og krilling i fotenden

Av
DEL

LeserbrevI Norddalen 31.10. gjer Terje Kleiven seg tankar om politisk venskap og tida etter kommunevalet. Han står fritt i meine kva han vil, men enkelte fakta bør kome fram også her. Vågå arbeiderparti hadde som han skriv eigen ordførarkandidat, men ikkje berre før valet. Vi hadde det også etter valet. Da det tidleg etter valet vart klart at vi ikkje ville få fleirtal for eigen ordførar gjekk vi etter forhandlingane med Bygdalista inn for å støtte deira kandidat. Resultatet av forhandlingane elles er kjent da Ap står med alle dei andre leiarverva. Avtalen inneheld også politiske samarbeidspunkt så det dreiar seg ikkje berre om taburettar.

Terje Kleiven skriv at AP har lagt seg i ekteseng med Bygdalista, krillar seg saman i fotenden medan Bygdalista breier seg på huguputa. Men ligg det ikkje ein forsmådd friar under senga? Eller er det eigentleg ein friar? Vågå SV vart invitert til samarbeid med AP minst to gonger i valkampen; 1. mai og 3. september under debatten i kulturhuset. Eg var tilstades båe gongane og kan stadfeste at AP fekk både kald skulder og konkret avvising frå SV. Om nokon har bomma med valkampstrategien så er det umusikalsk å skulde på AP, og kvar og ein får sjøl tenkje kven som manglar ryggrad. AP har hatt som tradisjon å gje plassar til SV, valresultatet denne gongen ga ikkje rom for det.

AP tapte ordføraren, men viser ansvar ved å ta andre posisjonar. Partiet som viste seg å vere mest dyktige i forhandlingar etter valet var Bygdalista – så gode at største partiet trekte seg undervegs. AP vil gjere sitt for at livet i fotenden av senga og den politiske kvardagen gje resultat til det beste for innbyggjarane. Det er trass alt det som betyr noko.




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags