Omstilling framfor kutt

Av
DEL

Lesarbrev

Eg har gjesta podcasten ‘Lokalolitisk kvarter’ her i Vågå, og fått spørsmål om kva Sp vil gjere dersom vi må spare inn nokre millionar på kommunen sitt budsjett. Dette spørsmålet er ikkje eit ‘dersom’. Rådmannen har gjeve klar melding til kommunestyret: vi har mindre pengar i åra som kjem, og vi må gjere ting annleis. Alle partia går til val med den same utfordringa: vi må bruke mindre pengar i åra som kjem. Mykje mindre pengar.

Når problemstillinga er så godt kjent og ein realitet, kan svaret mitt kanskje virke uklart. La meg presisere:

1. Vi har framleis relativt god økonomi i Vågå. Vi bruker meir enn kommunar vi kan samanlikne oss med på fleire av tenestene våre. Det gjer at vi har rom for omstilling.

2. Ja, eg bruker ordet omstilling, ikkje sparing eller kutt. Å berre kutte litt i teneste blir eit dårlegare tilbod. Vi kan ikkje berre bruke mindre på å gjere det same vi gjer i dag. Vi må gjere ting annleis.

3. Denne omstillinga skjer ikkje ved politiske vedtak aleine. Vi må få til ein dialog der fagfolk, tenesteleiarar, rådmann og politikarar snakkar saman, lyttar til råd frå kvarandre og saman finn gode løysingar. Desse løysingane må forankrast både i politiske vedtak, og ut i tenestene og hos den einskilde medarbeidar.

Dette er ikkje eit enkelt svar, og i podcasten spurte dei også ‘kven skal klare det?’. Det kunne høyres ut som programleiarane såg på oppgåva som umogleg. Men det er den ikkje, heldigvis. Vi må lære av andre kommunar som har vore gjennom vanskelege omstillingar og lukkast. Vi må som politikarar legge meir vekt på rolla som arbeidsgjevar og på innhaldet i tenestene. Vi kan ikkje berre stille krav og veta resultat, vi må arbeide målretta for forankring og gjennomføring av endringar.

Vågå Sp går ikkje til val med nokon liste over moglege kutt, men vi stiller heller ikkje med mange nye utgifter. Det viktigaste for oss er eit løfte om dialog og samarbeid for gode, framtidige løysingar innafor dei rammene kommunen til ein kvar tid har. Og vi trur det er fullt mogleg å sikre gode og framtidsretta tenester også i åra som kjem.




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags