Demokrati i Vågå

Av
DEL

Meninger

Tor Valdvik har skrive fleire lesarinnlegg med fokus på politiske prosessar i Vågå for fleire år attende.

Ved kommunevalget i 2007 røysta 70 % av vagværane på Vågå arbeidarparti. Dette utfordra det lokale demokratiet og engasjementet. Derfor "gav" Vågå arbeidarparti bort posisjonar til alle dei andre politiske aktørane som stilte liste ved dette valget. For at alle dei politiske miljøa kunne vere representerte i flest muleg nemnder og utvalg. Dette for å sikre mangfald, kreativitet, kunnskap  og engasjement. 

Bygdalista fekk inn to representantar ved dette valget. I løpet av kommunestyreperioda  melde båe desse engasjerte representantane seg ut av Bygdalista og sat som frie representantar ut perioda. Den eine meldte politisk overgang til arbeidarpartiet. Utmeldinga av Bygdalista var grunngjeve med demokratisk underskott innan Bygdalista.

Dette vart ei utfordring ettersom det innimellom møtte vararepresentar for eit politisk miljø som ikkje lenger var representert i kommunestyret. Som ordførar kontakta eg Fylkesmannen om vi kunne etablere ein tverrpolitisk møteplass for å gje informasjon og for å drøfta saker utanom formelle politiske organ utan å gjere vedtak.  For at Bygdalista framleis skulle få innsyn på lik linje med dei politiske partia i kommunen.  Dette opna ikkje kommunelova for.

Derimot møtte eg på medlemsmøter i Bygdalista eit par gonger for å orientere om aktuelle politiske saker.

I valavisa til Bygdalista for perioda 2011 - 2015 var det - som Tor Valdvik korrekt viser til - eit intervju med ein daverande arbeidarpartifolkevald som vart referert på ulike utsagn om demokratiet og korleis partikulturen i Vågå arbeidarparti fungerte i praksis. Da vedkomande las oppslaget i valavisa tok han avstand frå måten utsegna var formulerte og brukte på, og kjende seg ikkje igjen utifrå det han meinte og hadde sagt til valavisa til Bygdalista.

Ønskjer eit godt val og oppfordrar flest mogleg til å nyttegjere seg av røysteretten sin. Det er det beste bidraget for å sikre eit aktivt, representativt og levande lokaldemokrati.


 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags