Flyplass vil gi norddalen eit løft

Av
DEL

MeningerKonsekvensane av nedgangen i folketalet i Nord-Gudbrandsdalen, eller norddalen om du vil, er her allereie. I Lom der eg bur, mister nå fire tilsette i barnehagen arbeidet sitt fordi det til hausten er behov for om lag 35 færre storbarnsplassar.  Dette er dramatisk, og er berre ein forsmak på kva vi har i vente i norddalen om vi ikkje klarer å stanse den pågåande nedgangen i folketalet.  Noko må gjerast snarast for å stanse den, noko som monnar og har varig effekt. Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at norddalen sovner stille og roleg inn. Det skal vere liv og røre der heile året, ikkje berre nokre månader i sommarhalvåret. 

For å kunne stanse nedgangen i folketalet er det avgjerande viktig at det blir skapt nye attraktive arbeidsplassar for ungdomen. Rask og god kommunikasjon er ein føresetnad for vekst og utvikling i norddalen. Ein flyplass på Tolstadåsen i Vågå  vil gjere det lettare å vidareutvikle eksisterande næringsliv, samt bidra til at det i framtida blir etablert  heilt nye verksemder som vil gi eit spennande mangfald i regionen på så mange måtar. Dette vil igjen gjere det meir attraktivt å flytte til norddalen. Med ein flyplass på Tolstadåsen vil ikkje norddalen lenger vere ein utkant. Ein vil på ei dagsreise i teorien rekke å gjennomføre eit kundemøte i byar som København og London når ein kan ta eit morgonfly til Gardermoen, og eit kveldsfly tilbake. 

Ein flyplass på Tolstadåsen vil også gjere det enklare for norddølane å pendle langt. Kva med å fly til Tromsø, eller til ein av dei elleve flyplassane i Finnmark, for å mønstre på ein trålar som skal på fiske i Barentshavet? Eller fly til Bergen eller Stavanger for å arbeide offshore? Mange nye moglegheiter vil opne seg med ein flyplass i regionen.

Med tanke på klimaaspektet ved luftfarta, kan det nemnast at hybrid- og elfly på ingen måte er science fiction, eller vitskapsfantasi. Eit søk på nettet gir oss stoda på dette området. I ei pressemelding i fjor opplyste Widerøes Flyveselskap at selskapet har som mål å ha første kommersielle elflyging innan ti år. Avinor og partnarar i luftfartsbransjen arbeider for at Noreg skal ta ei leiande rolle når det gjeld elektrifisering av flytrafikken. Elfly vil bidra til at dei samla klimagassutsleppa frå norsk luftfart vil bli redusert i dei neste tiåra. Målet er at Noreg skal bli den første marknaden der elektriske fly tek ein vesentleg marknadsdel, og at den norske innanriksluftfarta skal vere elektrifisert innan 2040. Først vil mindre elektriske passasjerfly kome, så større hybrid- og elfly. I Teknisk Ukeblad kunne ein i mai lese at SAS og Airbus går saman om å utvikle større hybrid- og elfly.  

Med hybrid- og elfly vil det å fly kunne bli den mest klimavennlege måten å reise på i framtida. Sidan  driftskostnadane for elektriske motorar er vesentleg lågare enn for dagens motorar, vil det også ligge til rette for billegare flybillettar.

Somme meiner at å tru ein kan få ein flyplass på Tolstadåsen, er som å tru på julenissen. Men kvifor skal det ikkje gå an å få ein flyplass i norddalen til 1,5 milliardar kroner, når ein på Sunnmøre er i gang med å bygge Nordøyvegen, som skal gi 2700 personar fastlandssamband, til ein totalkostnad på 5 milliardar kroner?

Det handlar om politisk vilje. Finst det vilje, finst det veg! Til hausten er det kommune- og fylkestingsval. Kva seier dei til flyplass på Tolstadåsen dei som du har tenkt å gi stemma di til? Godt val når den tid kjem. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags