Flyplass på Tolstadåsen

Av
DEL

LesarbrevDet har i seinare tid vore ei rekke innlegg som meiner flyplass på Tolstadåsen vil løyse utfordringane våre knytt til folketalsnedgang og næringsutvikling, og som dessert faktisk vere eit miljøtiltak.

Desserten veit eg ikkje er etande, hovudretten har ein bismak av lite ferske ingrediensar og er like lite appetittleg. Det verker som elfly er mønsåsen i ideen om den miljøvennlege flyplassen. Men heilelektriske fly i kommersiell drift er ikkje venta før om 30-50 år og i hovudsak aktuelle på korte strekningar. Om dei teknologiske utfordringane skulle bli overvunne fortare ventar andre utfordringar. Greier vi å gjere produksjon og resirkulering av batteri miljøvennleg? Kor skal vi hente energien til fleire flyreiser frå? Fleire elvar i tunnel? Vindmøller? Eller skal vi rett og slett satse på utvinne litt meir olje?

På grunn av stor fart og stor høgde slepp eit fly ut vesentleg meir klimagassar per kilometer per kilo enn ein trailer. I tillegg går desse utsleppa rett inn i atmosfæren. Å få gods frå veg over på fly kan difor heller aldri bli eit klimatiltak. Vi er i ei klimakrise og klimagassutsleppa må ned raskt. 30% av utsleppa kjem frå transport, medrekna innanriks flytransport. Nordmenn flyr suverent mest innanriks i Europa. Det er umogleg å sjå for seg at resten av verda skal arve våre flyvanar. Likevel, frå 2017 til 2018 auka utsleppa frå transport med 4,4 %. Likevel, i 2019 går fleire parti i Norddalen inn for utredning av flyplass. Men det er teikn til håp. I ei undersøking gjennomført av Respons Analyse seier 1 av 5 nordmenn at dei let omsyn til miljøet ha innverknad på ferieval. Fleire enn nokon gong satsar på Norgesferie og interessa for togreiser har eksplodert. Raude Kors og andre humanitære organisasjonar tek grep for å redusere tal på flyreiser og heller ha møte via på nett. Frankrike vurderer å forby innanriks flyreiser på strekningar der togreisa tek mindre enn 5 timar. Aktørar i reiselivet i Nord-Gudbrandsdalen vel å ikkje posisjonere seg mot det aukande asiatiske markedet.

Ei betre framtid for oss i Nord-Gudbrandsdalen er ikkje å helle meir bensin på bålet med å bygge flyplass, men heller satse på tog, veg og kollektivt.


Hovudkjelder: Teknisk ukeblad (tu.no, søk på elfly), Transportøkonomisk institutt.no (toi.no),Statistisk sentralbyrå (ssb.no) og faktisk.no.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags