Vågå har fått eit luksusproblem!

Av
DEL

Lesarbrev Vi har fått opplyst at pr i dag er det fleire ungar i Vågå utan tilbod om barnehageplass. Dette er ikkje eit nederlag for Vågå kommune, men ein positiv overraskelse! Reknestykket med innflytting, utflytting og fødslar har ikkje stemt med dystre spådommar og det er fleire ungar med behov for plass enn det kommunen har berekna. Eigentleg ei gladsak!

Drift av barnehage er innretta slik at ein skal gje flest mogleg plass til lågast mogleg personalkostnad utifrå gjeldande bemanningsnorm. Oppretting av nye plassar kan dermed føre til relativt store kostnader ved at ein unge meir kan utløyse krav om ei ny stilling. For administrasjon og politikarar i posisjon med ansvar for drift og økonomi er det naturleg å sjå tilbod mot etterspørsel slik at ein driftar flest mogleg plasser billegast mogleg. Sjølv om det betyr å sei nei til nye ungar. Økonomisk sett rett tankegang men for ein liten distriktskommune med store folketalsutfordringar er det likevel feil måte å tenke på.

I Vågå bør vi ikkje sei nei til ein einaste unge. Å sei nei til ein unge kan vere det same som å sei nei til ein familie. Det kan vere avgjerande for at ein familie flyttar frå oss, og det kan vere avgjerande for at ein familie ikkje flyttar til oss. Ein familie som kanskje tar med eigne arbeidsplassar og berikar lokalmiljøet vårt på fleire måtar. Det er så mange ringverknader.

Mange tiltak blir sett i gong for å få opp folketalet og eitt av dei viktigaste må vere å tilrettelegge for full barnehagedekning. Det er like viktig for tilflytting som arbeidsplassar og naturopplevelsar.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags