Svar til Bjørnsen, Vågå Sp

Av
DEL

Meninger

Eg vil starte med å takke Bjørnsen for innlegget i Norddalen for nå får eg anledning til å oppklare eit par viktige ting for andre også som kanskje har misforstått meg. For det første var ikkje lesarbrevet mitt i slutten av juni tenkt som «replikk til ordvekslinga mellom Holen og Bjørndal» som Bjørnsen skriv. Ikkje til andre heller for den saks skuld. Eg fekk publisert ei ytring før oppstarten til eit stort arrangement i kommunen fordi eg er stolt av mellom anna dugnadsånden som lever i beste velgåande. Om positiviteten min blir i meste laget for enkelte kan eg rett og slett ikkje ta ansvar for og svartmåling er ikkje min stil. Verken i valkamp eller elles. Eg ser det som ei av dei viktigaste oppgavene for ein ordførar å leggje til rette for diverse utvikling som genererer aktivitet. Slik også med næringsutvikling. Ein ordførar eller ein kommune skal ikkje drive næring eller næringsutvikling som Bjørnsen så rett påpeiker, men leggje til rette slik at næringsutvikling kan foregå. Kommunen bør ha positiv haldning i saksbehandling, alltid ha næringsareal tilgjengeleg, ta ansvaret med alt tenkjeleg planarbeid og fronte kommunen som attraktiv for etableringar. Dei fleste i dag er vel glade for at Vågåhallen og kulturhuset vart bygt i si tid. Det var visstnok ein varm debatt og forslaget frå Ap fekk fleirtal etter at mellom anna representantar frå Sp braut ut og stemte for. Utan desse lokala kunne vi for eksempel ikkje arrangert kappleik eller festival. Eit anna og nyare eksempel er industribygget Bårstadhallen. Får vi nyetableringar i tillegg til at dei veletablerte har positiv utvikling får kommunen auka skatteinntekter og vi kan oppretthalde nivået på dei gode kommunale tenestane våre.

Det er ein kjent hersketeknikk å latterleggjere andre sin kompetanse eller framstille andre som inkompetente. Det meiner eg Bjørnsen gjer når han framstiller meg som naiv i forhald til utfordringar kommunen står over for. Sitat: «…. det er ikke å svartmale. Det er å påpeke helt enkel ubestridelige fakta som er synlige for alle som evner å lese et regnskap.» Eg vil minne skribenten om at eg har åtte års erfaring frå politikken i Vågå, eg har vore partileiar med det ansvaret som ligg i det vervet og ei grunnutdanning som hjelper meg til å forstå samanhengar i kommuneøkonomien. Ein annan teknikk Bjørnsen nyttar seg av er bevisst feilsitering. Eller nok ein gong latterleggjering av meg, eg veit ikkje. Han skriv: Langøygards innlegg sier derimot «vi har da ingen økonomiske problemer, la oss bare fortsette som før og konsentrere oss om noe ressurskrevende og morsomt som kanskje gir resultater om noen år». Korleis han greier å lese noko slik ut av ytringa mi er uforståeleg for meg og tener ikkje til anna enn å tilleggje meg meiningar eg ikkje har.

Vi har eit godt uttrykk i Vågå som kom godt fram under kappleiken i form av trykk på t-skjorter: du lyt tåle det. At eg som ordførarkandidat har valt å innta ei positiv haldning til ulike utfordringar kommunen vil kome opp i ja, det må de tåle. I fortsettinga kunne eg ønskje at vi fekk fokus på korleis vi skal løyse utfordringane heller enn å la tungsinnet få rå. Eg ser det også som nødvendig å nemne at Vågå arbeiderparti alltid har levert budsjettforslag i balanse – som betyr at forbruk er tilpassa inntekter. Dette vil vi naturlegvis fortsette med også framover.




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags