Landbruket – ein berebjelke i vågåsamfunnet

Av
DEL

MeningerGjennom alle tider har landbruket vore heilt avgjerande for busetnad og arbeid. Ingen av oss treng gå langt attende i slektshistoria for å finne tilknyting til eit gardsbruk. Landbruket bidreg også til ringverknader ved at mange andre får arbeid gjennom produksjon på garden, handverkarar, butikkar med fleire. Korleis hadde til dømes reiselivet vorte om ikkje landbruket hadde beitedyr som held vegetasjonen nede? Og kva med busetnaden?

Landbruket er heilt vesentleg for å oppretthalde levande grender. Vågå arbeiderparti ønskjer ein konsesjonspolitikk som vil gje moglegheit for yngre og nyetablerarar som vil satse og kjøpe seg ein gard. Vi vil ha levande grender og ikkje leggje alle ledige gardsbruk ut som tilleggsjord. På same tid påverkar sentral stordriftspolitikk lokalt handlingsrom, likeeins tilskottsordningane.

Gjennom dei siste 50 åra har landbruket endra seg radikalt. Det er nesten slutt på den tida da det var vanleg å ha småbruk ved sidan av arbeid på Bårstad eller Eidefoss. Rasjonaliseringa har slått til for fullt og dette har gått utover antalet bruk. Vi ser at det er større fokus på stuttreist mat og bruk av utmarksbeita. Sauenæringa i Vågå er i Noregstoppen når det gjeld avlsarbeid. Det er difor eit paradoks at det blir færre som driv med sau. Dette går ikkje berre utover sysselsettinga, det vil også etter kvart syne i kulturlandskapet. Det er ikkje for ingenting at sauen blir kalla «fjellets slåttekar».

Klimaendringar med tørke og flaum gjev store utfordringar til landbruket vårt. Vågå arbeiderparti ynskjer å støtte opp om landbruket med tilskott til nydyrking og vatning. Det må leggjast til rette for at gardbrukarane har velferdsordningar slik at det er attraktivt å drive gard. Landbruksvikarordninga er eit viktig virkemiddel som Vågå arbeiderparti vil oppretthalde.

Saman med Sel arbeiderparti har vi i løpet av dei to siste åra hatt to opne landbruksmøte der sentrale personar har deltatt og vi har sett fokus på det lokale landbruket. Det siste møtet handla om dei utfordringane klimaendringane gjev oss. Vi vil fortsette å vere talerøyr for distriktslandbruket inn til dei sentrale styresmaktene, uansett farge på Regjering! Vi er stolte av landbruket vårt og dei mange dyktige ambassadørane vi har her i Norddalen. Fjellandbruket er utfordrande, men den nytenkjinga og det pågangsmotet som vi ser gjer at vi har trua på at det i framtida vil bli oppretthalde landbruk i kommunen. Gjennom vårt politiske engasjement skal vi gjera vårt, både lokalt og med å påvirke sentralt!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags