Haltande tilbod for psykisk helse i Vågåskulen

Av
DEL

MeningerTil skulestart 2018 vart det gjort ein flause i Vågå kommune. Lærarar brukar sterke ord og kallar det "ei lita katastrofe". Stillinga til miljøterapeuten vart offer for budsjettostehøvelen og hamna under kvota for "alle må gjera sitt". Eit godt fungerande og sårt trengande tilbod vart fjerna frå Vågåskulen. Rådmannen kalla det "eit forsvarleg kutt". Kommunestyret slutta seg til innsparingane, og er dei som skuleigarar som til siste slutt sit med ansvaret.

Dei med skoa på vart overkøyrde og avgjersla var gjort forhasta og utan forankring i tilstrekkeleg kunnskap om behovet og situasjonen i skulen. Utdanningsforbundet i Vågå skreiv ein fyldig uttale, og foreldre prøvde seie frå. Feil skjer og tabbar blir gjort. Likevel, når reaksjonane er så sterke, når all forsking peikar i same retning, når ein tydeleg ser og får høyre konsekvensane, og ikkje da eingong tek eit steg attende og tenkjer at her må vi snu? Den kloke ombestemmer seg, er påstått. Å ikkje reversere dette kuttet, er uklokt. At kommunesttyret ikkje ein gong etterspør korleis det har gått, er ansvarsfråskriving.

Rekk berre brannsløkking

Ein miljøterapeut skal fylgje opp enkeltelevar og grupper, arbeide med klassemiljø og miljøskapande tiltak for heile skulen. Elevar, lærarar og foreldre i Vågå har i skuleåret som har gått kjent sterkt på å stå utan dette fyrstelinetilbodet. Kontaktlæraren rekk ikkje meir enn sløkkje brannar, og kjenner seg strekt mellom heile gruppa med ungar, og desse ungane som slit. Læraren brukar raust av fritida si, gret i lag med foreldra, gjer det beste læraren kan og rekk over. Trass dette, kjenner foreldre og ungar på at her er ikkje eit fyrstelinetilbod på plass. Her er ikkje noko anna tilbod på plass heller, som har rom for dei eller som står parat. Det kan ta vekes- eller månadsvis å få på plass. Heldig er den ungen som har sterk og oppofrande kontaktlærar som toler ein trøkk.

Psykisk helsetilbod i tilfeldige hender

Eg kan ikkje lenger vite sikkert korleis det er i klasseromma i skulane våre. Eg har ikkje skoa på. Men med femten år bak kateter og framom tavle, blir ein nok lærar alltid - inst i ryggen. Eg har spurt dei som møter desse unge menneska kvar dag. Eg har spurt mange, og skal love dei villig har gjeve meg svar. Svar som stadfestar, svar som fortvilar, svar som bekymrar. Ein

lærar seier:

- Vi har ein oppveksande generasjon med aukande omfang og kanskje alvorlegheitsgrad av

psykiske og psykososiale problem. Og midt oppi dette, så blir det kutta i alle baugar og kantar

i støttetilboda. Vågåskulen har i dag ingen miljøterapeut, ingen sosiallærer, ingen skulelege

(på papiret, men ikkje i praksis). Vi har ei helsesjukepleiar på heile grunnskulen. Berre på

Vågåmo skule har ho nå over 40 elevar å fylgje opp. I BUP og PPT skal alt ned i fyrstelina.

Men kva med når fyrstelina er sprengt og manglar fagleg kompetanse? Da er det ein person

som står lageleg til for hugg, ein vaksenperson som (forhåpentlegvis) har ein god relasjon til

barnet/ungdommen: kontaktlæraren. Og her utnyttar ein grovt pedagogens ønskje om å hjelpe

alle ungar på best mogleg måte.

Lærarar fortel dei har hatt telefonvakt for elevar med store utfordringer, og dei har reidd oppsenger på gjesterom og vore "på vakt" i helger for elevar. Dei melder om tallause timar som skulle gått til fagleg førebuing og etterabeid for dei resterande 25 elevane i klassa, brukt til samtalar med enkeltelevar, fordi ingen andre kan. Det går utover fag og for- og etterarbeid, men helsike heller, det er viktigast av alt! Lærarar melder om svært krevjande dagar, om tyngande ansvar, skot i blinde, uttesting av kva som fungerer og ikkje fungerer - elevane er prøvekaninane. Lærarar er ikkje utdanna til dette. Dei kan bruke av det medmenneskelege dei sit inne med, livserfaring og emosjonar. Ingen av oss har vi to sett med kjensler til profesjonelt og personleg bruk. Det er dei same kjenslene av sinne, bekymring, fortviling - og omsorg og glede. Og dette må kvar lærar drive med meir eller mindre privatpraktiserande, for det er ikkje noko støtteapparat for lærarar heller, inga rettleiingsteneste. I praksis legg vi den psykiske helsa til ein heil generasjon i tilfeldige hender. I beste fall legg den i hendene til enkeltlærarar med stor omsorgskjensle og rausheit for eigne grenser.

Held fram i for små sko

Og Vågåskulen, og resten av Norge, svarar med å etter- og vidareutdanne tusentals lærarar i norsk, matte, engelsk, naturfag, og eg veit ikkje kva. Dette, fordi kloke hovud og forståsegpåarar på nasjonalt nivå les kartleggingar og nasjonale prøver og fastslår at skulen ikkje gjer det godt nok fagleg - samanlikna med land dei tenkjer seg like som. Og misforstå meg rett, etterutdanning og vidareutdanning av lærarar er klokt og kan føre mykje godt med seg. Men utan å ha eit fyrstelinetilbod på plass til elevar som slit med den psykiske helsa, blir denne satsinga som å sette plaster på eit gnagsår og halde fram den same strabasiøse og bratte fjellturen, i dei same for små skoa. Eg har sjølv kjent på kroppen å ha ansvar for barn som har hatt det vanskeleg. Eg har sjølv stått i ei busslomme og halde hardt på ein 12-åring, men det var også så langt mi kompetanse strekte seg. Og eg skal love dykk at ungar som har det slik, er lite mottakelege for mi fagkompetanse i engelsk og musikk. Det beste eg kunne gjere, var å halde fast til hjelpa kom - det tok tre månader. Ein lærar kan halde ungen i augneblinken og hindre det katastrofale frå å skje. Men vegen ned til der ungen er komen, har vi ikkje kompetanse til å korkje sjå føre oss, skildre eller førebyggje. Ei heller har vi som pedagogar kompetanse til å lyfte dei opp att. Vi blir ståande der med dei - i armane våre.

Vi må tørre å prioritere annleis enn med ostehøvel. Vågå SV vil arbeide for å få på plass att miljøterapeutstillinga i Vågåskulen. Og det lyt vera berre starten av eit større arbeid som må gjerast for å få på føtene eit anstendig helsetilbod til ungane våre. Vi må ta vare på dei som ikkje greier det sjølve, og det er god samfunnsøkonomi i at flest mogleg har det bra. Ein ting er sikkert, tek vi ikkje vare på ungane våre, sparar vi oss til fant. Da har vi verkeleg ingenting att!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags