Gjendeosen

Av
DEL

MeningerI 200 år har folk frå heile inn- og utland oppsøkt Jotunheimen, Besseggen og Gjendeområdet. For å oppsøkje unik natur og utfordrande fjell. Folk i nærområda la til rette. Sætrer vart meir enn kjøtt- og mjølkeproduksjon. Sætereigarar var også turistvertar. Dei rodde gjesten over Øvre Sjodalsvatn, stilte seng til disposisjon ved Gjende og følgde gjesten inn til spennande fjell.Sætereigarane høyrde på gjesten og utvikla tilbod og kvalitetar utifrå dette. År for år.

På Memurubu, som på fleire andre stader, vart gjesten stadig viktigare for driftsgrunnlaget. Surtningsue og Besseggen drog stadig fleire frå inn- og utland. Bedriftene langs Gjende og nedover Sjodalen utvikla årleg tilboda basert på etterspørsel og naturen rundt oss. Vi samarbeidde. Vi utfylte kvarandre og vi respekterte tilboda til kvar enkelt. Summen av tilboda og kvalitetane var det som var avgjerande for at det stadig har vorte fleire som oppsøkjer Gjendetraktene. År for år.

Mange vil til Gjendetraktane. Illustrasjonsbilde

Mange vil til Gjendetraktane. Illustrasjonsbilde

Først på 2000-talet kom Statens vegvesen med satsinga si på Nasjonale turistvegar. Og Gjendeosen skulle bli eit ikon i denne satsinga. Som turistvertar i nærområdet var vi spente og forventningsfulle. Memurubu er kanskje den som kjem i kontakt med flest av dei som går over Besseggen. Vi venta og venta på å bli kontakta. Bli inviterte inn i prosjektet for å dele kompetanse og erfaring. Stadig kom det nye innspel utan at vi vart inviterte til dialog. Men vi ventar stadig på å bli inviterte inn.

Derimot kom det etterkvart fram at brygge og at kiosken og parkeringsplassen skulle kjøpast ut og forvaltast av turistvegprosjektet. Det var Nasjonal turistveg-prosjektet som visste og hadde kunnskapen. Frå sine kontor på Lillehammer og Oslo.

For oss er båten og kiosken/parkeringa avgjerande for det tilbodet vi har utvikla og byggjer framtida på. Båten og kiosken/parkeringa har drifta og utvikla tilboda sine på eineståande måtar. Da vertskapet av båten vart utfordra og foreslått erstatta av andre drivarar, vart det opprør. Det var Øvstedalfamilien som hadde utvikla og drifta båttilbodet i " all tid". Og bygdefolk og næringslivet i nærområdet sørgde for at Øvstedalfamilien fekk tilbake båtdrifta.

Nå er det Hølmo-familien som blir utfordra som vertskap kiosken/parkeringa.Gjennom mi tid som turistvert på Memurubu, har eg berre positive erfaringar med Hølmo-vertskapet. Ansvarsfulle, serviseutøvande og utviklingsretta. Eg er full av begeistring for måten dei har utført rolla si på også dei siste åra. Sjøl om dei dagleg har vore utfordra på utløysing og muleg avvikling av si vertskapsrolle. Likevel har dei alltid vore blide og positive overfor gjesten. Og dei har uansett vore utviklingstenkjande og sett framover. Smilet og servisen smittar over på turisten og totalopplevinga av å vere gjest ved Gjende.

Eg håpar Statens vegvesen tek til vett. Vi ønskjer fokus på gjesten og vertskapsrolla vår. Som reiselivsbedrifter har vi ulike mulegheiter og produkt. Vi utfyller kvarandre med ulik kompetanse og kreativitet. Hølmo har vist oss alle at dei fyller rolla og mulegheitene dei har fått. Mange kan truleg forvalte kiosken og parkeringsplassen. Hølmo har bygt opp, utvikla og forvalta denne på ein solid måte. La dei få lov til utøve denne funksjonen vidare. Til beste for gjesten, for bedriftene omkring og basert på naturen og området sin eigenart og verdi.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags