- Det er system og leiing vi ser manglar ved.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerEtter innlegget som Steinar Håkenstad og Randi Flåten ser oss at vi treng å koma med eit attendesvar, sjølv om oss er svært imot media i slike saker.

Derfor leverte vi vårt brev direkte til kommunalsjef Fossmo og leiar Stadeløkken på Vågåheimen og hadde forventa ein reaksjon og kanskje ei samtale med dei to før media fekk ta i det.

Vi tok kontakt med Fossmo den 26. april i håp om ei samtale, utan resultat.

Det gjorde skikkeleg vondt å lese korleis vårt brev har vorte tolka. Kanskje vedkommande skulle teke kontakt med Venneforeininga før dei hadde kasta seg på media.

Den 24. februar i 2011 var det nokre av oss som hadde pårørande som danna ei støttegruppe, Vågåheimens venner. Hovudoppgåva vår var den gongen å få til aktivitetar og sosiale samvær for brukarane på Vågåheimen.

Seinare såg vi behov for å ta tak i saker som vi observerte, pårørande og besøkande kom med meldingar om, som ikkje var tilfredsstillande. Dette er nok dei som er innom Vågåheimen jamleg som observerer, og ikkje dei som tittar innom ein sjeldan gong.

Det er sjølvsagt mykje bra og svært bra, men enkelte ting kan forbetrast utan at det kostar korkje tid eller pengar.

Vi hadde trudd og håpa på at saman kunne vi klart den oppgåva, men det blir dessverre teke opp som kritikk.

Betjeninga kjenner seg heile tida truffe, sjølv om oss har sagt at dei gjer jobben sin, men dessverre kan det til sine tider vere menneskeavhengig. Det er system og leiing vi ser manglar ved.

Dette har vi i Venneforeininga teke tak i og lagt fram for både leiinga ved Vågåheimen og kommunen fleire gonger gjennom desse sju åra.

På møte som Venneforeininga hadde torsdag 12. april var vi så heldige å få med nokre nye pårørande som har sine på Vågåheimen i dag. Dessverre viser det seg at dei har opplevd akkurat det same som vi har teke opp fleire gonger, som heller ikkje i dag  fungerer. Dette vil vi ikkje skulde personalet for, men system og leiarskap. Difor har vi ei kjensle av å «stange hugu i veggen».

Etter det møtet vart vi samde om enda ein gong å sende brev vedrørande desse meldingane, som vi håpar kan bere frukter.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags