Budsjett, ansvar og prioriteringar i Vågå

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerDet er ikkje enkelt å lage budsjett for ein kommune, i alle fall ikkje når ein skal spare inn godt over 10 millionar. Derfor er vi heilt avhengige av rådmannen og hans stab som finn løysingar og legg fram eit budsjett i balanse. Dei har, også i år, gjort ein formidabel jobb. På grunn av at det er færre barn er det ei justering av midlar til helsestasjon og barnehage.

Mette Vårdal

Mette Vårdal Foto:

Også i skule og fellestenester er rammene mindre i 2018. Minst kutt er det i helse ogomsorg. Alle parti legg seg tett opp til rådmannen sitt framlegg i sine alternative budsjett. Sp og Ap hadde begge nokre endringar i tall-delen, medan BL ønskte ei omorganisering av kulturskulen. Likevel, til tross for at det i den store samanhengen er små tall vi politikarar flyttar på, så blir det mykje debatt. I framlegga syner dei ulike partia sine strategiar og prioriteringar. Her vil vi peike på nokre av dei punkta der vi opplever at Sp sitt budsjettarbeid skil seg frå dei andre: Omorganisering skal komme tenestene til gode

I tillegg til dei kutta som rådmannen har lagt fram, har Ap komme med fleire tiltak som digitalisering av vaktskifte på Vågåheimen og felles rektor for skulane i Mo’om og kulturskulen. Vi meiner det framleis må gjerast eit arbeid med omorganisering i alle tenester, og sjå på i kva grad vi kan bruke pengane annleis enn i dag. Men vi meiner det er dårleg arbeidsgjevarpolitikk å pålegge slike kutt utan forankring i organisasjonen. Vi ønskjer ein tett dialog med rådmannen og dei ulike tenestene fram mot neste budsjett, og at eventuelle innsparingar i størst mogleg grad skal bli i tenestene. Vi trur det vil skape eit betre arbeidsmiljø og større vilje til å gjennomføre endringar. All erfaring syner at skal vi lukkast her, så må heile organisasjonen jobbe i lag mot felles mål.

Vågå som arrangementsbygd

Små og store arrangement er viktig for å skape aktivitet, engasjement, trivsel, fleire tilreisande og vekst i næringslivet. Til det treng vi eit kulturkontor som kan yte sørvis og vere ein viktig støttefunksjon, og vi treng moglegheit for økonomisk tilskot og langsiktig satsing i oppbygging av nye arrangement. Difor ønskjer vi ikkje større kutt på kultur enn rådmannen sitt framlegg, og vi omdisponerer slik at 300 000 av næringsfondet blir øyremerkt arrangement.

Ei satsing på kultur og frivillig sektor

Det er ikkje funne rom for å auke ramma ut over rådmannens framlegg på kultur, men SP legg heller ikkje fram fleire kutt. Vi meiner derimot at ein innafor ramma må sikre ei brei satsing på frivillige lag og andre som er aktive på kulturfeltet. Viktige støttefunksjonar som vaktmeisterteneste på kulturhuset og gratis bruk av øvingslokale i kommunale bygg er avgjerande for mangfald. Dette er små midlar frå kommunen utløyser mange gonger meir og sikrar Vågå som ei kulturbygd med høg attraktivitet. Vi ønskjer å prioritere dette framfor kulturtiltak der kommunen sjølve driftar og eig tiltaka.

Og så var det kulturskulen!

Det er lovpålagt å gi eit kulturskuletilbod, men organiseringa er opp til kommunen. Vi har ein god kulturskule i Vågå, men ein kan sjølvsagt alltid bli betre. Vi er gjerne med og drøfter utviklinga av kulturskulen, og korleis den kan gje eit enda betre tilbod innafor dei rammene vi til ein kvar tid har. Men slik mange har oppfatta formannskapet sitt framlegg var det i realiteten å leggje ned kulturskulen. Det kan ikkje Sp vere med på. Vi ønskjer ei kulturskule med eit mangfald av opplæringsmoglegheiter.

Vi må sjå samanhengen

Dei frivillige er ei viktig ressurs, men å kutte støttefunksjoner samtidig som ein pålegg dei større oppgåver, er ikkje mogleg. Ein kan ikkje både slå saman rektorstillingane på ungdomsskulen og Vågåmo skule og samtidig legge ansvaret for kulturskulen hit. Det totale presset på kultur og skule er i fleirtalets framlegg så stort at vi frykter ei dramatisk svekking av tilbodet.

Så er det tverrpolitisk semje om å byrje prosjektere symjehall i 2018, og å få inn att leirskule. Ap vil legge inn att botnfrådraget på eigedomsskatt og må kutte 1,1 million ekstra for å få det til. Sp stemmer for rådmannen sitt framlegg, og har såleis litt meir handlingsrom.

Budsjettet er no ute på høyring. Vågå Sp skal gå gjennom alle innspel, og skal i medlemsmøte 6. desember bli samde om eit alternativ som vi legg fram for kommunestyret.

Vi ser fram til ein konstruktiv debatt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags