Kommuneøkonomi og upopulære vedtak

Av
DEL

LeserbrevFor vel fjorten dagar sidan hadde Karin Andersen eit innlegg i GD om sentrale overføringar til kommunane. Det ho hadde merka seg var kor tomt og stille det er på Stortinget når det skal handsamast og vedtakast. Det er nesten ikkje tilhøyrarar og spørsmål som vert stilte. Det er ein tankevekkjar, for vi bur alle i ein kommune og ikkje sjeldan vert det gjort vedtak på lokalt nivå som kan råke oss som innbyggjarar. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det meste av det som vert vedteke er styrt av ein stram kommuneøkonomi. Blant anna her i Sel kommune er det no vedteke å leggje ned Sel skule. Det er trist for bygdesamfunnet, og mykje av kritikken vert retta mot kommuneadministrasjon og lokalpolitikarar. I og for seg kan det vere rett, for vi bør nok ta innover oss at det ikkje vert signalisert godt nok til innbyggjarane kor avhengige vi er av ein god økonomi for at det skal verte gode tilbod. Frå dei ulike ståstadane har det vorte hevda at dei vil ivareta det som er best for borna. Men, kva er best? Born er ikkje ei homogen gruppe, nokre vil ha det betre i eit større miljø, medan for andre er det best med eit lite skulesamfunn. Vi kan finne ulik forskning som kan forsvare båë delar. Uansett kor vi snur og vender på det, er økonomien styrande. Vi bør no leggje Andersen sine ord på minne og verte flinkare til å engasjere oss i det som skjer på sentralt hald og sjå heilskapen i det som skjer både lokalt og sentralt. Utfordringa er å stå på overfor storting og regjering.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags