Elsykkelkomikk i fjellheimen

Av
DEL

LesarbrevI mai kom det melding frå Miljødirektoratet om at det er forbudt å bruke elsykkel i nasjonalparkar.

Dette gjeld for eksempel på vegen til DNT sine turisthytter i Glitterheim og Rondvassbu. Eg har forstått det slik at vi kan bruke elsykkelen dersom vi slår av «motoren» - grunngjevinga for forbudet har visstnok med motorferdsel i utmark å gjera.

Vi som bur nær fjellheimen og som oppfattar oss som normalt oppegåande folk etter obligatorisk skulegang, ristar nok ein gong oppgitt på hovudet over kva desse miljøbyråkratane kan finne på.

Eg høyrer riktignok ikkje like godt nå som da eg var yngre, men eg har iallfall ikkje høyrt nokon motordur frå ein elsykkel enda. Største støyen frå ein elsykkel kjem nok frå syklisten som slepp ut farlege miljøgassar både framme og bak.

Den farlegaste «motoren» ligg nok i enden av vegen inn til turisthyttene, der det i mange år har stått dieselaggregat som brukar fleire titals tusen liter i året for oppvarming, strøm og varmt vatn til hyttene. Ein elsykkel i landet vårt brukar som kjent fornybar energi til «motoren», men dette meiner miljøbyråkratane er mye farlegare for miljøet enn store dieselaggregat. Kvifor har ikkje det såkalla

Miljødirektoratet lagt ned forbud mot slike store CO2-utslepp midt inne i våre nasjonalparkar for lenge sidan ?

Eg har berre vanleg trøsykkel, men eg har jobba i el-bransjen i over 40 år. Lyt eg da søke Miljødirektoratet om å få lov til å sykle på vanleg trøsykkel til Glitterheim eller Rondvassbu, når eg brukar eigen «motor» som har lang «el-bakgrunn» tru ?




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags