Vågå AP vil ikkje privatisere kommunale vegar, men dette har dere allerede gjort...

Av
DEL

Lesarbrev

I det siste har det dukka opp lappar i postkassene til folk, der Vågå AP garanterar for at dei ikkje skal privatisere vegar i Vågå. Dette har i tillegg komme i fleire lesarinnlegg i ulike medier i vår, der Vågå AP var mot privatisering av kommunale vegar. Dei vil også ta opp private vegar som kommunale.

Leiar Geir Stadeløkken skriv «Vågå Ap er mot privatisering av kommunale vegar». Kommunestyregruppa skriv: «Vi trur ikkje at privatisering av veg er vegen å gå, og vil stå på for å få stoppa dette hasardiøse forslaget.» Årsmøtet skriv: «Det er ikkje rett at du som innbygjar i Vågå kommune skal måtte ta over vegen og få ansvar for at denne er farbar til einkvar tid»

I 2011 satt Ap med reint FLEIRTAL i kommunestyret, og dere valgte då å privatisere Gamle Rustvegen i Holungsøyom. Argumentet var at det vart for dyrt for kommunen å eige denne vegen og det kunne ikkje være ei kommunal oppgåve å drifte denne.

Holungsøyom er ei levande grend med ein veg der det kjører heimeteneste, tankbil og postbil dagleg, det bur skule- og barnehageungar langs vegen og fleire yngre har busett seg i grenda. Naudetatane har vi og hatt på besøk her i grenda, bla i forbindelse med flaumane siste åra. Vegen vår har og fungert som alternativ veg, bla då nyvegen reiste i flaumen i 2011.

Kan Vågå AP forklare meg kvifor dere privatiserte Gamle Rustvegen i 2011? Kvifor dere nå har snudd totalt i denne saken, og kor har dere henta økonomi i budsjettet til dette?



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags