Gamalt rusk er best å la ligge

Av
DEL

Meninger

I ein debatt er det klokt å fokusere på kjernen i nåverande diskusjon, og sjå bort frå det som ligg attende i tid og ikkje lenger er relevant.

Det vil vi oppfordre både Ivar Valdvik og Tor Valdvik til. I Ivar Valdvik sitt svar til Vågå SV verkar det som han i grunnen stiller seg bak at kommuneøkonomien i Vågå treng ei meir aktiv politisk styring. Vi les og av innlegget at han set Svein Holen ansvarleg for budsjettoverskridingar for 10 år sidan. Slik er vi usikre på kvar han landar. Kan det vere han meiner at innhaldet i innlegget er bra, men at det vart feil at Svein var medforfattar?

Eit identisk logisk resonnement gjer Tor Valdvik når også han stort sett er samd med Mette Vårdal frå Vågå Sp i hennar svar på vårt innlegg. Likevel vel han å bruke spaltemeter på hennar fortid i styret i Vågå Ap. Mette sitt innlegg er godt, ho hadde fortent eit betre svar.

Det skin gjennom at motivasjonen til Ivar og Tor hovudsakleg er å diskreditere Svein og Mette, heller enn å diskutere sak. Deira tilnærming er nærare personangrep enn det som må vere målet, ein konstruktiv dialog om kommuneøkonomien i Vågå.

Vi håpar vi i den komande valkampen får sjå fleire politikarar og andre som med kunnskap vil utfordre, og bli utfordra, og at vi kan dyrke eit sakleg ordskifte i det offentlege rom, det vere seg i avisene eller på sosiale media. Det som måtte vere av gamalt rusk er best å la ligge.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags