Telenor hadde flaks

Av
DEL

MeningerTelenorkunder som bur i Ottadalen var 20. september i år utan mobiltelefon og internett i nesten eit døgn. Personar med trykkleiksalarm mista kontakten med hjelpeapparatet, dei som trong medisinsk hjelp vart i beit og det vart sett krisestab i kommunene. Vi fekk demonstrert kor viktig slik infrastruktur er og kor sårbare vi er når dette blir borte. Heldigvis ser det ut til at det gjekk bra denne gongen på grunn av kjempeinnsats rundt om i kommunene. Feilen skjedde i eit avgrensa område sør for Lalm der det var kraftig vind og trefall som sleit ned luftlinene til Telenor. Eg har passert staden fleire gonger, men lurer kvar gong på når Telenor blir ferdig med reparasjonen.

Det har nå gått over ein månad etter at feilen skjedde og framleis ligg telekabelen nokså provisorisk i veggrøfta samen med kvist og kvas etter at dei siste trea vart hogde ned. Biltrafikken inn til anleggsområdet for Nedre Otta hadde køyrd over kabelen i fleire dagar etter 20. september før kabelen vart grove ned i innkjørselen. Etter det eg kan skjønne så er dette ein kabel som er konstruert for å henge i eit luftspenn og slettes ikkje konstruert for å bli køyrd over av bilar. Litt lengre nord for feilstaden kan ein i tillegg sjå at fleire spenn av luftlina er klemt ned av trefall som ikkje er fjerna.

Det er grunn til å minne Ottadølene om at dette er internett- og mobilforbindelsen vår til omverda! Eg kan ikkje skjønne anna enn at vi heng i ein svært TYNN tråd framleis ! Vi får krysse det vi har av fingre og håpe på at kabelen held. Det verkar som om Telenor er nøgd når mobil- og internett virkar og dei legg tydelegvis ikkje noen stor innsats i å drive systematisk vedlikehald på nettet sitt – feilstaden sør for Lalm er eit godt døme i så måte. Det verste er at dette dessverre ikkje er noe spesialtilfelle – slikt ser vi fleire stader rundt om. Det er truleg ingen vits i å melde feil på nettet til Telenor dersom ein stolpe er så skakk at den omtrent ligg på bakken eller om eit luftspenn går gjennom tett skog der greinene ligg og gneg på kabelen. Så lenge signal kjem fra er Telenor nøgd.

I midten av oktober fekk Ottadalen storflom i tillegg til kraftige vindkast. Det var krisestemning spesielt i Skjåk - heldigvis virka både internett og mobiltelefon. Tenk om det hadde oppstått feil på linenettet hos Telenor samtidig ?

Telenor hadde flaks – igjen !

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags