Russisk rulett med barn og unges helse?

Av
DEL

MeningerDette er nok sett litt på spissen eller kanskje ikkje, eg trur det er opptil auga som ser... Veging, måling og vaksinering. Er det den einaste arbeidsoppgåva nokon av politikarane i Nord-Gudbrandsdal tenkjer at helsestasjon- og jordmortenesta har (her etter blir helsestasjon – og jordmortenesta skrivi som helsestasjonstenesta)? Fyrst av alt må eg poengtere at i den kommune eg arbeider i er det stor satsing på helsestasjon og jordmortenesta. Eg opplev at politikarane og leiinga i kommuna støttar oss i dei satsingane vi som fagpersonar meinar er rett å satse på. Attende til veging, måling og vaksinering. Det er mange årsidan dette var hovudoppgåva til helsestasjon. Dette er kun ein mikroskopisk del av helsestasjonsarbeidet i 2018. I 2018 er nemleg oppgåvane meir omfatta og nedanfor har eg lista opp nokon av dei: Barnekontroller, vaksinering, reisevaksinering, hørselstest, synstest, koordinering av ansvarsgrupper, samarbeidsmøter, undervisning i skule, gruppesamtaler, foreldrerettleiingskurs i grupper, individuell foreldrerettleiing, individuelle samtaler med barn, informasjonsformidling til målgruppa blant anna vi snapchat og facebook, ungdomshelsestasjon, foreldremøter, rettleiing av barnehage og skulepersonell, samarbeidsmøter med fysioterpeuter, leger, tannleger osv.. For dei fleste av områda som er lista opp over så kjem det også eigne retningslinjer og veiledere som vi må halde oss oppdatert på. Eit enkelt søk på helsedirektoratet viser at det ikkje er småtteri av veiledere. Det fins veiledere for det meste. Ein del av oppgåvane kom med samhandlingsreformen, men absolutt ikkje alle, men ved samhandlingsreformen blir meir og meir lagt til kommunane. Kommunane får meir og meir ansvar. Helsestasjon skal ikkje lenger berre kartlegg, men har også ansvar for å sette i gang tiltak i eiga kommune før vi henviser barn- og eller deira familiar til spesialisthelsetenesta. Erfaringa viser at det kan være utfordrande å få hjelp hjå spesialisthelsetenesta dersom det ikkje er utprøvd i eiga kommune fyrst. Særleg dersom utfordringa handlar om psykisk helse.

Nyleg forsking har vist at sidan 2010 så har barn – og unge med psykiske problem har auka med 40%. Ungdata undersøking for 2018 viser at tala stemmer. Fleire og fleire familiar henvender seg til helsestasjon for å få råd og rettleiing. Det har i fleire år kome midlar frå statleg hald som skulle gå til nettopp helsestasjonstenesta for å styrke tilbodet til barn og unge.

At nokon kommunar vel å ikkje opprette fleire stillingar eller auke stillingsbrøkane eller faktisk å kutte stillingar på helsestasjon er for meg ubegripeleg. Eg forstår at det er vanskeleg å være politikar og leiing i ei kommune og at det er tronge budsjett. Det som er vanskeleg med forebygging er at det vi gjer er så lite målbart, ein ser ikkje resultatet på det som blir gjort før om kanskje 20 år. Også er det litt det med forebygging at ein kan kalle det ”forebygging historia som ikkje vart skrivi”, nettopp fordi ein har klart å jobba med tidlig innsats og derfor forebygd ei utfordring før den faktisk fører til alvorlege konsekvenser for nettopp det barnet det gjeld.

Kven skal seie frå om den utviklinga ein ser av helsestasjonstenesta. Ut i frå midler vi har fått frå staten så skal vi være meir synelege i skulen, når ein dette ved å kutte stillingar eller det å velja og ikkje auke stillingar?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags