Coop i tenkeboksen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeningerCoop har i Norddalen 20.06.2017 sagt at dei ”er i tenkeboksen” om dei skal bygge på Brustugujordet eller ikkje. I det nye framlegget til arealplan ligg det inne ei maksimal utbygging på inntil 1.500 kvm til detaljhandel. Det er truleg ikkje nok til å sikre tilstrekkeleg lønnsemd i prosjektet.

Det er ikkje overraskande, tvert om har det vore godt kjent. Det er ikkje stort nok potensiale i dei som køyrer forbi til at det lønar seg å legge ei einskild butikk ved riksvegen. Ein treng lokalt handlande, og dei lokkas dit der er fleire tilbod samla. Kort sagt, det har heile tida vore eit ønskje om å flytte aktivitet og endre folks handlemønster, frå sentrum og ut mot riksvegen.

Ordføraren har gjeve uttrykk for at ho ikkje vil la Coop bli i tenkeboksen. I staden legg ho press på dei for å bygge. Ho veit om to andre interessentar, seier ho til Norddalen. Om Coop seier nei, vil andre komme til. Om ikkje Coop vil risikere å miste denne sjansa, og mogleg dispensasjon frå 1.500 kvm kravet ved seinare høve, så kjem andre og tek den.

Difor meiner vi i Senterpartiet det er betre å regulere om til landbruk. Slik kan god matjord nyttast til produksjon. Kva med grønsaker på jordet med utsal saman med eggeboden? Økoturisme er aukande, kan vi tilby dei noko heilt nytt?

Framlegget til arealplan er ute på 3. gongs høyring, frist for å sende inn uttale er 29. juni. Vågå Sp har framlegg om landbruksareal på Brustugujordet fordi vi meiner det er ei aktiv og framtidsretta løysing full av nye moglegheiter. Og den løysinga som kjem flest til gode, både vi som bur her, turistar, næringsdrivande i Vågå, lokal matproduksjon og miljøet. 

Artikkeltags