– Eg likar godt klede og eg lurte på korleis det var å arbeide i klesbutikk, seier Margrete Ymbjørgøyen.

Ho er elev i 9. klasse ved Vågå ungdomsskule, som har Pryo-veke denne veka. Dette er praktisk yrkesorientering, og Ymbjørgøyen valte å vere utplassert på Priscilla Mote på Otta.

Ho likar seg godt der når ho heng opp varar, sett på alarmar og står i kassa. Ho har og fått prøvd seg som modell for klede på sosiale medier.

Når Ymbjørgøyen startar på vidaregåande, seier ho at ho vil velje linje studiespesialiserande og utdanne seg vidare innanfor psykologi eller så vil ho velje sal, Service og Reiseliv og opne sin eigen klesbutikk.

– Eg vurderar å arbeide i klesbutikk når eg blir vaksen, seier ho.