Måndag kan du stille spørsmål til kommuneoverlegen på direkten

Måndag 30. mars vil kommuneleiinga og kommuneoverlegen i Vågå svare på spørsmål knytt til koronasituasjonen.

DEL

Møtet vil gå føre seg på Vågå kommune sin facebookside klokka 12.00.

- Det er fint om de kan sende inn spørsmål på førehand, send e-post til irene.gundersen@vaga.kommune.no, skriv Vågå kommune på sin heimeside.

Ingen koronatelefon sundag

Koronatelefonen har liten pågang og den vil derfor ikkje vere tilgjengeleg sundag. Behovet vil bli vurdert fortløpande og opningstid kan bli endra. Koordinator på helsesenteret kan gje råd og svare på spørsmål. Du kan kontakte korona-koordinator ved å ringe eller sende sms, telefon 95 25 39 90 mellom kl. 08.00-15.00 på kvardagar og mellom kl. 10.00-14.00 på laurdag.

– Oppmøte til ordinære legetimar går som avtalt, det er berre når du har luftvegs-symptom at vi ber deg ta kontakt på telefon. Folk skal ikkje vere redde for å oppsøke helsesenteret på vanleg måte.

Artikkeltags