Tysdag kveld var det premiere på revyen. Publikum vart ønskt velkommen om bord, og varsla om at det vart klar til avgang. Så var revyen i gang,

Flyplass sentralt

Publikum blir teke med på ei reise der flyplass står sentralt- frå flyplassen er under opparbeiding, flyplassmøte, rekruttering av arbeidskraft, tilbod av lokale tax free-butikkar, sabotasjeforsøk og fram til opning. På reisa får publikum servert parodiar, russen tek opp tema som flaum og skjeggkre i Utgard, og streifar innom mellom anna ski resort i Bøverdalen og riksveg 15.

Song, dans og sketsjar

Reisa som publikum blir teke med på under premien, varte i om lag to timar og tre kvarter, med ei pause på om lag 20 minutt i midten. Russen vartar opp med song og dans, sketsjar og filminnslag. Både lokale politikarar og andre får eit og anna sleivspark.

Stor innsats

Gjengen på scena ser ikkje ut til å spare på noko. Dei byr på seg sjølve. Det er stor innsats på scena, og russen viser at dei følgjer med på det som rører seg i lokalsamfunnet. Somme innslag sit betre enn andre. Men russen landar trygt, og blir takka med ståande applaus frå publikum.

Fleire framsyningar

Tysdag kveld var altså premierekvelden. Det er fleire høve til å sjå årets russerevy. Det er framsyning torsdag kveld og fredag kveld denne veka. Laurdag kveld er det sett opp to ekstraframsyningar.