Gå til sidens hovedinnhold

Likestilling og menneskerettar

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

9.mars var det avstemming i Stortinget om CRPD, FN sin konvensjon for menneske med nedsatt funksjonsevne, skulle verte inkorporert ( innlemma ) i norsk lov. Dessverre vart det ikkje fleirtal for det denne gongen heller. Karin Andersen i SV har vore ein, og er framleis, ein sterk pådrivar for dette. Motargumentet er at Noreg allereie har ratifisert ( godkjent ) konvensjonen, og at lovverket ikkje skal styrast utanfrå. Men andre konvensjonar har vorte inkorporerte, så kvifor ikkje CRPD?

Det er tydeleg at her må det ei haldningsendring til. Til dømes er det ikkje myndigheitene som skal styre korleis folk vil leve. Om ein har ei funksjonsnedsetjing må ein få bestemme korleis ein vil bu og kvar. Mange har ikkje råd til å reise på ferie, fordi det kanskje trengs ekstra ressursar for å få det til. Det å delta i fritidstilbod, vere med på kulturaktivitetar er også utelukka for mange. Vi har lett for å prate om at dei treng omsorg, men det er likestilling og menneskerettar dette handlar om. Derfor må det få konsekvensar når det ikkje vert fylgt opp.

Dette handlar mykje om økonomi, derfor er det viktig at fordelinga til kommunane vert større. Kanskje må det øyremerkast? No har vi hatt åtte år med ei regjering som har prioritert dei rike med bl.a. skattelette, medan dei fleste, og ikkje minst dei med dårleg råd slit enno meir. Her trengs ei omprioritering, for pengane finns.

Til hausten er det stortingsval, og då er det viktig å stemme slik at vi får eit regjeringsskifte. SV er eit parti for dei mange, ikkje for dei få. Det vil seie at godane må fordelast på ein meir rettferdig måte, slik at alle får delta i samfunnet på like vilkår. Det å få inkorporert CRPD i lovverket er derfor viktig, og saka vil kome opp att. Mi von er at alle som sit på Stortinget går i seg sjølv og stemmer for. Det er lett å vere seg sjølv nærast, men ingen av oss veit korleis morgondagen vert. Neste gong kan det vere du eller eg som vert råka. Dette gjer iallfall valet lett for meg når eg skal leggje stemmesetelen i valurna.