Nortura Otta – Kva nå?

Av
DEL

LesarbrevNortura-konsernet er i ein økonomisk krevjande situasjon, og det er med stor bekymring vi registrerer at Nortura sitt anlegg på Otta på nytt er truga med avvikling.

Nortura set nå i gang eit forprosjekt der industristrukturen for Rudshøgda og Otta blir sett i spel. Det som blir skissert er at skjering/foredling av gris skal flyttast frå Rudshøgda til andre anlegg, og at Rudshøgda skal få utvida kapasitet når det gjeld slakting av storfe. I den samanheng kan slakteriet på Otta bli avvikla. Spørsmålet er derfor om konsernet kan klare å redusere kostnadssida utan at det går til strukturelle grep og avviklar Otta-anlegget. Nortura sitt anlegg på Otta er ei svært viktig bedrift for dei næringsdrivande og regionen. Nortura har 70 tilsette som vil bli ramma ved ei eventuell avvikling.

For regionen er slakteriet ein arbeidsplass som gjev store ringverknader, og ein vil karakterisere det som katastrofalt for lokalsamfunnet dersom slakteriet blir avvikla. Slik ein kjenner Otta-anlegget har dei svært dyktige tilsette som er kjent for fleksibiliteten sin. Dei tilsette har over lang tid synleggjort at dei meistrar å ta i bruk ny teknologi og med det effektivisere drifta. Otta-slakteriet var det fyrste til å ta i bruk varmskjering av storfeslakt. For om lag to år sidan vart det investert i ny skjereline. I desse dagar har Nortura-konsernet investert i nytt datasystem på Otta som det 2. anlegget på landsbasis! Dei tilsette syner eit stort eigarskap til slakteriet. Det er ein «kultur som sit i veggene» på Otta- anlegget.

I tillegg til ordinær slakteridrift fungerer Otta-anlegget òg som eit beredskaps- /bufferanlegg når det oppstår problem ved slakteria i Malvik og på Rudshøgda. Det blir også gjennomført slakting av tamrein frå Lom ved Otta-anlegget. Eg vil tru det er liten vilje i tamreinnæringa til at dyra skal transporterast over lange avstandar.

I tillegg til dei mange arbeidsplassane er dyrevelferd svært viktig. Korleis og kor langt dyra blir transportert er vesentlege moment i denne saka. Otta-anlegget er einaste slakteriet i Oppland og slaktar om lag 18000 storfe pr. år. Norddalen er eit husdyrtett område der marknadsandelen for Nortura på storfe er frå 79 til 98 prosent i dei ulike kommunane. Dette tilseier stor oppslutning om og lojalitet frå næringa/gardbrukarane for Otta-anlegget. Frå Ringebu og «nordover» er det eit potensiale på om lag 15000 storfeslakt pr. år

Ein er kjent med at Nortura-konsernet må redusere kostnader. Likevel vil ein oppmode til at dei næringsdrivande, tilsette, regionen og vi som folkevalte tverrpolitisk står samla om å sikre vidare drift ved Otta-anlegget.

Artikkeltags