Vårdal og Vågå SV

Av
DEL

LesarbrevTakkar for svar frå våpendragarane i Vågå SV på mitt lesarbrev om Vågå Senterpartis ordførarkandidat. Eg synte til konkrete døme på korleis Vågå AP nytta makta si den gongen Mette Vårdal var framståande tillisvald i partiet og adresserte avstanden mellom liv og læret sidan ho i lesarbrev kritiserte graden av openheit i Vågå-politikken. Dette svarar Sosialistisk Venstreparti på(!) og kallar det personangrep. Dette er det fint om dei spesifiserar med konkrete døme. Ein ordførarkandidat som kritiserar posisjonen og etterlyser meir openheit lyt, slik eg ser det, tåle å bli konfrontert med døme på korleis Vågå AP forvalta si fleirtalsmakt for stutt tid sidan når ho sjølv var svært sentral der. Å stemple mitt svarinnlegg som personangrep anser eg som ein hersketeknikk frå SV'arane som eg tykkjer dei skal halde seg for gode til. Dersom mitt innlegg skal avvisast og stemplast som personangrep er ytringsrommet i Vågå for trangt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags