Nord-Fron kommune og DNT-Gudbrandsdalen tek seg til rette i Vågå. Fleip eller Fakta?

Av
DEL

LesarbrevStyreleiar i DNTG Magnar Bratlien og nestleiar Arnt Sveen, påstår i media at det aldri har vore planlagt stignett gjennom Griningsdalen i Vågå Kommune. Dei hevdar at klagene er basert på faktafeil. Sjå i postlista til Nord Fron kommune journal nr 18/3402 journalført 16/3-18. «Søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel for oppføring av DNT-hytte på gnr 407 bnr 2.» Her ligg DNT sitt forslag til stignett som vedlegg. Løype nr 5 gjennom Griningsdalen er tydeleg hovudinngangsport til Sjodalen/Jotunheimen. Faktafeil?

DNT påstår at dette vart «forlatt etter samtale med Vågå Fjellstyre, og at dette kjem tydeleg fram i saksdokumenta» Det er vanskeleg å forstå at dette kjem tydeleg fram i saksdokumenta. Nord-Fron kommune ser ut til å ha same problemet. Innstilling til vedtak, j.nr19/18436 den 24.09.19. Sitat: «Planutvalget mener videre at stinettet ikke er tilstrekkelig utredet i forhold til vilkåret satt i dispensasjonssak. Og mener at det er en forutsetning at dette løses i samarbeid med nabokommuner, ornitologer osv. Dette for å sikre en hytte og stinett som ikke gir negative virkninger på naturmiljø» Administrasjonssjefen i Nord-Fron foreslår å fjerne denne setninga før endeleg vedtak blir fatta. Interessant! Det kan sjå ut som Nord Fron synest det er greitt å ta seg til rette i Vågå. Her blir både egne vilkår for vedtak og fylkesmannen sine vurderingar fjerna med eit pennestrøk. Dronningsetra skal tydelegvis opp ved Strålvatnet. Etterpå blir vegen til medan DNT går…

Svar til Magnar Bratlien, om kvifor vi er så redde for denne hytta i vårt seterområde: Bratlien syner til innlegget mitt om «hamburgersjappa». Dersom han hadde lest innlegget, ville han skjønt kva eg meinte. Hamburgersjappe var DNT si eige omtale av DNT-hytta i Norefjell. Det var planlagt ei stor hytteutbygging i nærleiken av denne hytta, og DNT var bekymra for at hytta skulle reduserast til ei hamburgersjappe. Eg meinte at DNT møter seg sjølve i døra i denne saka, ettersom dei brukar advokat for å hevde rett til å bygge Dronninghytta. Eg vil takke for enda eit høve til å legge fram vårt problem.

Dronningsetra skal ligge i enden av Griningsdalen, berre 6 km frå setra vår. Griningsdalen har vore prioritert beiteområde for geit i over 50 år, og er årsaka til at dalen ser ut som den gjer. Eit ope og fint kulturlandskap. Midt i dalen ligg eit område som NIBIO har gjerda inn for mange år sidan. Der kan ein sjå korleis det ville sett ut om geitene vart borte.

Vi driv aktiv setring, og er heilt avhengige av dette området for drifta vår. I Vågå er det igjen tre besetningar med mjølkeproduksjon på geit. I Griningsdalen er det to fellessetrer. Alle geitene i Vågå er her om sommaren, ca. 500 dyr. Geitene er svært sosiale, og tek gjerne følge med fotturistar. Dette gjeld særleg killingane. Det er ikkje slik at dei berre finn heim att sjølve. Vi merkar allereie auka trafikk som eit problem. Kvar sommar er det leiteaksjonar for å finne att dyr. Det er ikkje triveleg å gå vinteren i møte dersom ikkje alle dyra er med heim att om hausten. Eg skjønar at dette er vanskeleg å forstå. Bratlien må gjerne kontakte andre som driv med geit for å undersøke fakta. Så svaret er: Vi er redde for det ikkje skal gå an å bruke Griningsdalen til seterområde i framtida.

DNTG vil nytta eksisterande stignett i området. Vi spør om det er råka til våre beitedyr som DNT vil T-merke? Den planlagde Dronninghytta skal ligge ved Strålvatnet. Dette er ikkje eit vanskeleg tilgjengeleg område som treng ei stor overnattingshytte. Det er veg inn, slik at alle kan køyre dit dei vil, også skuleklasser og funksjonshemma. Ei stor DNT-hytte vil føre til auka ferdsel, med eller utan T-merke. Vi blir skuffa om ikkje DNT ser at deira aktivitet kan gå ut over både natur og seterkultur. Den seinare tida har det vore større merksemd om korleis auka ferdsel kan gje store utfordringar. Bratlien bagatelliserer trafikken som vil komme, og antek ca. 750 overnattingar. Fordelt på heile året blir dette berre 14 stk.pr. veke seier han. Geitene er på setra frå 15 juni-15 september. Fakta er vel at dei fleste turfolk går i fjellet akkurat desse månadane.

Vi spør: Vil DNT ta ansvar for geit som kjem til Dronningsetra? Vi vil presisere at det er den plasseringa som er problemet. Dersom hytta blir bygd ved Strålvatnet, så kan det vera kroken på døra for dei tre siste som driv aktiv setring med geit i Vågå.

Vil DNT ta ansvar for å øydelegge den aktive seterdrifta som framleis er i Griningsdalen? Det er ingen skam å snu. Ved å lytte til erfarne fjellfolk og flytte Dronningsetra, så blir heiagjengen til prosjektet enda større. Dersom DNT vil vinne Dronninga og heile fjellheimen, så trur vi det er betre å dele erfaringar og tilpasse seg, enn å hevde makta si. (Kanskje blir du invitert til å ta med Dronninga, og sjå på ei seter i drift)



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags