Live Langøygard og fakta

Av
DEL

LesarbrevFor ei tid sidan kom eg med nokre ettervalgstankar der eg mellom anna kommenterte Vågå Ap sitt andre gongs ekteskap med Bygdalista. Det har tydeleg treft nokre ømme tær. I sitt svar prøver Live Langøygard å forklare og rettferdiggjera Vågå Ap sitt standpunkt. Dette er forståeleg. Men da burde ho også vera meir rettskaffen og ikkje forvrenge fakta.

Det var slett ikkje slik at SV vendte den «kalde skulderen til Ap» slik ho meiner vart gjort både 1. mai og under valgdebatten 3 september. Det var Vågå SV som la opp til 1. maimarkering på Frivilligsentralen. Vågå Ap spurde om å få vera med noko vi sa vi ja til. Også representantar frå fagrørsla og dei andre partia i Vågå vart inviterte med. Er dette å snu ryggen til? Eg heldt sjølv foredrag og nemnde korkje Ap eller SV med eit kløyva ord (berre sjekk manus eg har sendt deg). Eg var også til stede på debattmøte på Vågå samfunnshus den 3. september som alle dei politiske partia stod bak. Heller ikkje her kom det uttale som tilsa at SV viste ein kald skulder (berre sjekk podcasten Lokalpolitisk kvarter).

Vågå SV sitt svar på spørsmål om samarbeid var klårt. Vi måtte sjå an valgresultatet så ville det bero på kor vidt vi i ein forhandlingsposisjon ville få gjennomslag for dei viktigaste sakene våre. Slik posisjon kom vi altså ikkje i. Om Langøygard synest at det å basere samarbeid på sak er dårleg valgkampstrategi, får det vera hennar skål. Også ved seinare «vegaskjel» vil vi basere eit eventuelt samarbeid på sak og ideologi snarare enn taktikkeri og taburettkåtskap.

Klok politikk vil vera å fordele verv med mål å skape godt samarbeidsklima – og ikkje ut ifrå maktbegjær. Ut ifrå ein slik tankegang burde alle parti vera representerte i dei viktigaste organa. Senterpartiet, som det desidert største partiet, burde heller ikkje vore skvisa frå alle viktige leiarverv. Desse prinsippa vil etter mi meining vera beste utgangspunktet for å skape god politikk til gagn for vagværane. Men her har vi tydelegvis ulik oppfatning og det får vi berre respektere.

Valget er over, taburettane namna, korta utdelte. Så får tida vidare vise korleis spelet utviklar seg. Frå vår posisjon «under senga», som Langøygard skriv har vi i alle fall god anledning til å følgje med på dei som ligg under dyna over oss. Lykke til.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags