Flyplass på Tolstadåsen- ei tapt sak?

Av
DEL

LesarbrevI meir enn 50 år har det vore arbeidd med flyplassplanar på Tolstadåsen i Vågå. Nokre 10-tals ordførarar med Sigurd Granrud og Ola Dahl i spissen har hatt hand om «spakane». Likevel har vi truleg aldri vore lenger unna flyplass enn nettopp i dag.

Av norddalskommunane har alle «hoppa av» selskapet bortsett frå Vågå. Og Vågå kommunestyre er delt omtrent på midten.

Flyplass er ikkje med i Nasjonal transportplan. Heller ikkje fylkeskommunen har spelt inn dette ved dei siste revideringane, slik dei gjorde tidlegare.

Avinor har fått beskjed om å skjæra drastisk ned på utgiftene både til drift og investeringar. (jfr. Dagens Næringsliv 12.06.19).

Ut ifrå eit klimamessig synspunkt er dette eit forkasteleg prosjekt. I eit slik perspektiv er det viktigare å betre tilbodet på jernbanen.

Det må vera lov å spørja: Kor lenge skal vi snu og vende på ein daud hest før vi innser at han er daud. Og tek konsekvensen av det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags