Eg er stolt av Vågå!

Av
DEL

LesarbrevNoko som har imponert meg lenge er den dugnadsinnsatsen som bygdefolket utfører gjennom året. Nå står Landskappleiken i Vågå for døra. Berre i desse dagar stiller over 500 friviljuge opp for arrangøren. I august kjem Traktorrock. I tillegg har kvar grend arrangement som Lalmsdagen, Randsverkmarknaden og Finnasus grendafestival i Skogbygda/Skårvangen. Det er ikkje få timar som blir lagt ned i gratisinnsats under slike arrangement. I tillegg kjem eit breitt og godt organisasjonsliv elles med musikk eller idrett. På idrettssida vil eg seie at vi har nokre av dei beste anlegga. Halland, Mån og Lalm har hatt store utbyggingar dei siste åra, der det meste har vore gjort på dugnad.

Det har skjedd mykje positivt dei siste åra også i næringslivet. Bygg i sentrum som tidlegare har stått tomme er i ferd med og fyllast opp, Bårstadhallen har kome opp og fått liv, reiselivet går så det susar og ikkje minst tener næringslivet pengar. Det ser vi med aukande skatteinntekter til kommunen. Difor vil ikkje eg vere med på ei svartmaling av Vågå, tvert i mot meiner eg at Vågå er ein høgst oppegåande kommune og i godt driv framover. Eg gler meg til å vere med å fronte alt det positive som skjer i bygda og leggje til rette for vidareutvikling.

Kva vil Vågå arbeiderparti framover? For å fortsette den positive utviklinga i Vågå, er vi avhengig av to ting: innbyggjarar og arbeidsplassar. Om dette er på plass, vil alt det andre felle på plass. Mi viktigste oppgåve vil difor bli å leggje til rette for og fronte Vågå dersom veljarane vil ha meg i førarsetet. Både for å bistå næringslivet vårt og tiltrekkje oss nye bedrifter og innbyggjarar. Dette gler eg meg til for eg er stolt av bygda mi!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags